Lås garasjen
Politiet bed folk om å låsa garasjen og ta inn verdigjenstander som står ute. Bakgrunnen for oppmodinga er at politiet dei siste dagane har fått meldingar om nokon som snik i og rundt garasjer på Nore Neset og i Os sentrum.
– Det har vore eitt tilfelle i Nore Neset-området og eitt tilfelle i Os sentrum dei siste to døgera, opplyser politioverbetjent i Os og Austevoll lensmannsdistrikt, Rune Fimreite.
Politiet bed folk om å låsa garasjen og ta inn verdigjenstandar som står ute.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Politiet er også interessert i tips/skildring av gjerningspersonen/gjerningspersonane, er beskjeden frå Fimreite.