Lanserer nyutvikla, miljøvenleg vassreinsing
Eitt av dei nye produkta Unik Filtersystem AS leverer, er miljøvenlege vassbehandlingsanlegg til hus og hytter.
- Me nyttar ingen kjemikalier eller klor i reinseprosessen, berre reinsefilter og UV-anlegg (ultrafiolett stråling), fortel dagleg leiar Arne Johnny Boge.
Unik er ikkje nokon nykomar i Os. Jarle Boge (78) starta opp verksemda i det gamle fargeriet i Irisfabrikken i 1987, og har selt vassreinsingsanlegg i mange år.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I starten leverte me mest filtreringsanlegg til smoltproduksjon. Me utvikla produkta vidare, og byrja etter kvart å selja reinseanlegg til private og kommunale vassverk, fortel Boge.
Han overtok styringa av familieverksemda i 2004, men faren Jarle held framleis koken, og trivst best når han kan gjera nytte for seg i produksjonslokala.
Reinseanlegg til hus og hytte
I dag held verksemda til i Landboden 70, i lokala der treforedlingsbedrifta til Eilif Lund heldt til tidlegare.
Her har dei eit stort, luftig produksjonslokale i første høgda, og kontoravdeling i andre etasje.
- Eg trur ikkje at osingar flest veit kva me held på med. Me har ikkje hatt så mykje satsing mot privatkundar tidlegare, så det er forståeleg, fortel Arne Boge.
Nede i produksjonen møter me dei to med lengst fartstid i verksemda, produksjonsarbeidar Helge Stople og gamlesjefen han, Jarle Boge. Dei er begge i full vigør, og vegrar seg litt når me vil ha dei med på bilete.
Inne på eitt mindre rom står eit par eksemplar av det nyaste produktet.
- Dette vert superproduktet vårt, seier Jarle Boge og peikar på vassreinseanlegget som skal seljast til "folk flest".
Artikkelen held fram under annonsen.
Produktet er ferdigutvikla i løpet av det siste halve året, og dei har stor tru på at det vil slå an.
Anleggshus frå ASVO
- Du må bli med meg og sjå på dei fine små anleggshusa Os ASVO byggjer for oss. Det er for dei som ikkje har plass til installasjonen i huset eller hytta, fortel Boge.
Og småhusa er både fine og praktiske, og ser mest ut som ein lite, koseleg utedo.
Dei nye reinseanlegga kan brukast til å reinsa brønnvatn, takvatn, vatn frå elv, tjørn eller frå små vassforsyningsanlegg.
Sel til heile landet
Verksemda tek hand om heile prosessen, frå prosjektering, design og produksjon til installasjon, opplæring og sørvis.
- Me sel produkta våre i heile landet, frå Lillestrøm i sør til Vardø i nord, fortel Boge junior.
- Korleis marknadsfører de produkta?
- Mest ved hjelp av heimesida vår, men "det ryktast" også blant dei som er på jakt etter reinseanlegg. Me stiller også ut produkta våre på messer rundt om i landet. No i august var me til dømes på ei av verdas største akvamesser, arrangert i Trondheim, fortel Arne J. Boge
Artikkelen held fram under annonsen.
Åtte personar er tilsett i verksemda, inkludert ein kontortilsett som sit i Trondheim.