Så vårleg som dette er det ikkje i Langedalen i dag... For om lag ein time sidan, blei det stengd også her.
Så vårleg som dette er det ikkje i Langedalen i dag... For om lag ein time sidan, blei det stengd også her.

Langedalen og Søvikåsen er stengd

Både Ole Bulls veg (over Søvikåsen) og Langedalen er stengde inntil vidare.

– Vi stengde Ole Bulls veg i går kveld klokka 21.30, fordi ekstremvêret Aina er på veg innover Vestlandet, seier teknisk vakt i Os kommune, Robert Flister og held fram:

– Det er ugunstig vindretning i forhold til vegen og trea oppe i sida der. Det er rasfare, og det har vist seg at fleire andre tre i kommunen har falle ned. Vi tek ingeb sjansar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre over straumline

Ole Bulls veg vil vera stengd i alle fall ut fredag. Kanskje til og med laurdag. Det vil kommunen ta ei løpande vurdering på.

For om lag ein time sidan, blei også Langedalen stengd.

– Eit tre har falle over straumliner. BKK er på veg til staden. Det er også vårt mannskap. Det er usikkert kor lenge vegen må vera stengd. BKK må kutta straumen i området for å jobba, seier Flister.