Trass diskusjonar, vart kommunestyret samd om å gå for dei tre utgreiingsalternativa som styringsgruppa for kommunereforma føreslo. Ordførar Hans S. Vindenes er prosjektansvarleg for reforma. Her saman med spesialrådgjevar Gunn Sissel Teigen.
Trass diskusjonar, vart kommunestyret samd om å gå for dei tre utgreiingsalternativa som styringsgruppa for kommunereforma føreslo. Ordførar Hans S. Vindenes er prosjektansvarleg for reforma. Her saman med spesialrådgjevar Gunn Sissel Teigen.

Landa på tre utgreiingsalternativ

Med éin representant i manko, og ordførar Marit Aksnes Aase (KrF) si dobbeltrøyst, gjekk kommunestyret i Samnanger inn for å skrota vidare utgreiing av Bjørnefjord-alternativet. Fusa held på tre alternativ.

 

Camilla Kvamme

Artikkelen held fram under annonsen.

camilla.kvamme@osogfusa.no

 

Spørsmålet i kommunestyret i Fusa i førre veke, var om avgjerda skulle ha noko å seia for fusinganes framferd i utgreiingsfasen av kommunereforma.

I utgangspunktet låg tre alternativ på bordet. 1. Fusa åleine, 2. Fusa som del av ein ny Bjørnefjord-kommune og 3. Fusa i lag med Samnanger og Kvam.

- Eg meiner at mykje har endra seg sidan styringsgruppa sitt møte 11. juni, sa Gunnar Hansen (Frp).

Representanten frå Framstegspartiet lurte på om det var mogleg å føya til eitt alternativ der Fusa, i lag med Samnanger, vende seg mot kommunane som grensar mot Bergen.

Ordførar Hans S. Vindenes (Sp) peika på at vedtaket som vart gjort i kommunestyret i Samnanger 16. juni, var eit skjørt vedtak.

- Det er ingenting i vegen for at Samnanger kan kobla seg på Bjørnefjord-alternativet på eit seinare tidspunkt, dersom kommunen ønskjer det, sa ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skeptiske til alternativ 2 og 3

Mikal Leigland (Sp) meinte at dersom fusingane fekk hovudsetet sitt i Norheimsund, så ville det få negative konsekvensar for sysselsetjinga i kommunen.

- Eg kunne godt ha klart meg utan alternativ tre. Fusa må ha som mål å ivareta flest mogleg av tenestene sine i eigen kommune, sa Leigland.

- Eg er slett ikkje samd med Leigland. For oss som bur i Nore Fusa kunne like så godt alternativ to ha vore stroke, understreka Margunn Y. Samnøy, også ho frå Senterpartiet.

Mange var opptekne av grensejusteringar, og at det vil vera naturleg å ta med seg deler av Kvinnherad, og kanskje også Kvam, inn i ein ny kommune. Eventuelle justeringar vert del av alle dei tre utgreiingsalternativa.

Aud-May Boge (H) meinte det var viktig å ikkje lukka nokon dører alt no, men at ein arbeidde vidare med dei tre alternativa, samt at ein hadde bergensalternativet i "kulissane".

Kommunestyret gjekk samrøystes inn for at ordføraren og styringsgruppa, parallelt med dei tre utgreiingane, skal følgja opp med drøftingar med andre potensielle kommunar.