Land i sikte
Sigfred Rosvold meiner hyttetomtene han eig på Haganeset i Fusa er så godt som verdlause utan naust. I forslaget til ny arealplan får han gehør for synspunktet sitt.
Av oppstartssøknaden til Rosvold går det fram at tiltakshavar ønskjer å regulera inn eit naustområde med kaianlegg i tilknyting til hyttefeltet. Men av di planane ikkje samsvarte med gjeldande arealplan, vart ønsket i utgangspunktet ikkje imøtekome.
No er framlegget til ny arealplan for Fusa kommue for 2015-2027 klart. I den nye planen er arealet mellom hyttefeltet og sjøen sett av til område for båthamn.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Planlagde hytteområde i nærleiken av sjø bør ha tilgang til sjø, heiter det i vurderinga frå kommunen.
- For lang tid
Reguleringsplanen for hyttefeltet på Haganeset vart, til liks med revidert arealplan, handsama av utval for plan og miljø i ettermiddag. Planen, som vart lagt ut til offentleg ettersyn for meir enn eitt år sidan, skulle eigentleg ha vore handsama i haust.
- Det har teke altfor lang tid, vedgår rådmannen i framlegget sitt til vedtak.
- For eitt år sidan låg planen på is i om lag tre kvart år fordi det var personellmangel i kommunen. No får eg beskjed om at planen ikkje kan handsamast fordi alle ressursar går med til å arbeida med arealplanen, sa Rosvold til «Os og Fusaposten» i vinter.
Tiltakshavar var redd for at dersom planen ikkje vart godkjent før sommaren, så ville det gå endå eitt år før det skjedde noko.
Trekte motsegn
I april 2014 fremja Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) motsegn mot reguleringsplanen. Årsaka var at kartlagde fareområde ikkje var innarbeidde i plankartet som ei omsynssone.
- Planområdet ligg innanfor aktsemdområde for steinsprang og snøskred. Det er naudsynt med sikringstiltak på nokon av tomtene før utbygging, skreiv Fylkesmannen i Hordaland til Fusa kommune.
I samråd med kommunegeolog vart to av tomtene reduserte. Dette for å gå klar omsynssona, slik NVE kravde. Dermed fall grunnlaget for motsegna bort, og for få veker sidan vart motsegna trekt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Betre sikt
Statens vegvesen har bede planleggjar om å sikra at tilkomsten til hyttefeltet er godt nok utforma. Vegvesenet har i tillegg merknader til planframlegget når det gjeld sikta i krysset mot tidlegare fylkesveg 48.
- På grunn av fjellnakken i svingen på oppsida av vegen, er sikta mot Eikelandsosen ikkje optimal. Ved å sprengja bort denne vil ein få betre sikt og meir fyllmasse til fyllinga som er planlagd i tilknyting til avkøyrsla. Dette må vurderast under utbygginga, sjølvsagt i dialog med vegstyresmaktene, heiter det i sakspapira til planutvalet.
Trass mykje arbeid og mykje venting, ser det ut til å gå rett veg for tiltakshavar Rosvold.Rådmannen rår planutvalet til å godkjenna reguleringsplanen.