Lærer næringslivet å snakka
- Alle kan læra å bli ein god formidlar, seier Siri Lill Mannes. Fredag er det næringslivet i Os som kan utvikla snakketøyet med hennar hjelp.
- Eg skal snakka om det at mange trur evna til å vera ein god munnleg formidlar er noko du enten har, eller ikkje har. At det er medfødt. Men det er feil. Så skal eg snakka om kva ein kan gjera for å bli betre.
Føredraget skal Mannes halda i samband med Os Næringsråd sin årsmiddag i Symrasalen på Nore Neset Aktivitetshus fredag denne veka.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho er tydeleg forkjøla når Os og Fusaposten snakkar med henne på telefon onsdag.
- Eg håper berre dei har eit godt lydannlegg der ute, for utan stemme kan dette bli interessant, ler ho.
- Alle snakkar
Før middagen blir det tre timars seminar, med tre føredrag.
Terje Søviknes skal bidra med siste nytt frå rådhuset. Etter han kjem advokat Ole Kristian Nag, frå Kluge Advokatfirma AS. Han skal snakka om endringar i Arbeidsmiljølova knytt til konkurranseklausular og om moglegheitene for auka utbytte på aksjar etter statsbudsjettet.
Til slutt kjem Mannes som blir presentert som dagens hovudgjest.
- Alle snakkar. Derfor er det viktig å forstå kva som skil eit godt innlegg frå eit dårleg.
Min spesialitet er journalistikk, så eg er oppteken av dramaturgi, anslag og korleis fortelja på ein forståeleg måte.
Mange kjenner henne best som nyheitsankar i TV2.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mannes var med i TV2 heilt frå starten i 1992 og har over 20 års erfaring frå media.
Sidan ho slutta der har Mannes bygd seg ein ny karriere på å læra andre å snakka betre.
- Alle har noko å læra. Til og med fleire av Noregs beste føredragshaldarar har vore på kurs hos oss. Då har eg gjerne tenkt "har eg noko å læra deg?". Men det er jo nettopp derfor dei er så gode - fordi dei alltid søkjer ny kunnskap og er open for at dei kan læra.
Milliardar vs eksamen
Mannes meiner det er viktig å trivast når ein skal snakka for seg eller halda ein presentasjon, enten det er under eit lite møte eller som talar under eit større arrangement.
- Det finst nokre fellestrekk for dei som er gode, og dei kan alle læra seg.
Dette er hennar hovudfokus i jobben som dagleg leiar for Speaklab.
Firmaet starta ho saman med samarbeidspartnar og kjærasten Arne Møller som har ein svært variert bakgrunn både som fotballproff, trenar, fysioterapeut, instruktør i stemmebruk og føredragshaldar.
- Arne har andre spesialitetar enn meg. Han er mellom anna meir oppteken av kroppsspråk og stemmebruk, seier Mannes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Firmaet deira Speaklab held kurs i formidling for folk som skal snakka i ulike samanhengar. Alt frå studentar som skal ta munnleg eksamen til bedriftsleiarar.
- For nokre er det milliardar som står på spel, for andre er det eksamen, seier Mannes.
- Dropp Power Point
Mannes har lenge budd i Os, og byter litt på å vera her, på Karmøy og i Bergen, der firmaet hennar har kontor og kurslokale like ved Johanneskyrkja.
- Eigentleg har vi største marknaden vår i Oslo, men vi har kontor i Bergen og trivst med det.
Os Næringsråd inviterer til det dei meiner blir ei hyggeleg og sosial stund, med andre firma frå Os.
Arrangementet er både for medlemer og komande medlemer, og næringsrådet oppmodar verksemdene om å gjerne ta med seg tilsette, kundar, samarbeidspartnarar eller anna følgje.
Til middagen på kvelden lovar dei enkelte overraskingar på underhaldningsfronten.
- Alle som kjem vil få innspel til noko nytt. Noko veit dei nok, men blir minna om. Andre ting er kanskje heilt nytt for dei. Eg vil prøva å visa kva verkty ein har. Korleis kan ein gjera ein presentasjon som blir lagt merke til? Utan å gripa til Power Point. Det gjer alle. Ein skil seg ikkje ut då.