Strandvik Skyttarlag vil stilla med tre instruktørar på skyteskulen.
Strandvik Skyttarlag vil stilla med tre instruktørar på skyteskulen.

Ladar opp til skyteskule

Strandvik Skyttarlag satsar hardt på å auka rekrutteringa. I oktober startar laget eigen skyteskule.

Tilbodet er mynta på nybyrjarar og ferske skyttarar. Nedre aldersgrense vert 10 år.

Miniatyrskyting

Ettersom utandørssesongen no er over vil kurset finna stad på miniatyrbanen i same bygg som ridehallen i Strandvik. Her vil deltakarane få kyndig rettleiing på 15 meters-banen fem kurskveldar i oktober/november.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei siste åra har me hatt ei fin ungdomsgruppe i laget. No vil me sikra etterveksten, seier formann i laget, Erik Vik.

Det er første gong at Strandvik Skyttarlag arrangerer skyteskule, men truleg ikkje den siste.

- Dersom dette vert vellukka, gjer me det gjerne igjen over nyttår. Skyting er ein teknisk krevjande sport. Då er det også viktig at born og unge får ei skikkeleg innføring, seier Vik.

Det er ein god gjeng skyttarar i ungdomsgruppa til Strandvik Skyttarlag. No vil laget sikra etterveksten.
Det er ein god gjeng skyttarar i ungdomsgruppa til Strandvik Skyttarlag. No vil laget sikra etterveksten.

Prioriterer tryggleik

For at kvar og ein deltakar skal få så god oppfølgjing som mogleg stiller laget med tre instruktørar.

- Til dette første kurset set me tak på 12 elevar. Av omsyn til tryggleik og god oppfølgjing er det eit passe tal elevar, meiner formannen.

Han utdjupar.

- Tryggleik, og respekt for bruk av våpen er viktig. Me ønskjer at foreldre som sender borna på ein slik skyteskule, skal vita at ting vert gjort skikkeleg, og i rett rekkjefølgje, konstaterer Vik.