To løysingar: Asplan Viak føreslår to alternativ for å få få bukt med den kaotiske parkeringssituasjonen på Øyro.

La fram to alternativ for framtidig p-løysing i sentrum

Asplan Viak la fram sine tankar om p-løysing på Øyro i framtida.

Det vert jobba vidare med parkeringsstrategi for Os sentrum. I sist Liv i Bjørnafjorden-møte var Trygve Andresen i Asplan Viak tilstades og informerte om deira utkast og tankar for framtidig løysing.

Lisbeth Axelsen har halde i prosjektet frå administrasjonen si side. Ho er glad for at ein har teke ein ekstra runde på ny strategi.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No har me fått teke høgde for utfordringar som tidlegare ikkje er teke høgde for kring parkeringa i sentrum, sa Axelsen i møtet.

Umogleg å tilfredsstilla alle

– Målet er eit attraktivt, brukarvenleg og tilgjengeleg sentrum der ein vitaliserer handel, service og kultur, sa Andresen som konstaterte at det er mange kryssande behov når det kjem til parkering i sentrum.

– Det vil aldri vera mogleg å tilfredsstilla alle, men målet er å få rydda i parkeringa, gjera sentrum tilgjengeleg for kundar og besøkande og betra trafikktryggleiken.

To alternativ

Dei to alternativa Andersen la fram, handla i grove trekk om avgift kontra maksimaltid.

– Desse to alternativa må konkretiserast og så må de tenkja på kva de ynskjer, sa Andresen.

Han meinte konfliktpotensialet låg i kor langt ein kan forventa at brukarane skal gå.

– Går det an å «dytta litt på dei» og få dei til å parkera lengre ute når dei skal stå lenge parkert, spurde Andresen.

Målet, meinte han, må uansett vera at ein ikkje skal stå parkert på same stad over veldig lang tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det får ein vekk med ei 24 timars grense. 8 timar kan vera litt lite igjen.

– Utfordringa med ei slik tidsavgrensa p-ordning, er handhevinga. Denne må vera på plass viss det skal fungera, og med tidsavgrensing, må p-vakta registrera bilen to gonger før ei eventuell bøtelegging, påpeika Andresen.

Meir fleksibelt

Alternativ 2 med avgift kan t.d. løysast med fast takst i arbeidstida eller ein progressiv takst der det vert dyrare jo lengre ein står parkert.

– Fordelen med ei slik løysing, er at ho gjev meir fleksibilitet enn dei «harde» tidsavgrensingane. Det opnar for å stå parkert lengre, dersom det er betalingsvilje for det. Løysinga er også enklare å handheva, sa Andresen, som meinte dette kan gje lågare konfliktnivå og færre bøter.

– Alltid ein plass ledig

Det såkalla beleggsmålet i utkastet til Asplan Viak er ”alltid ein plass ledig”.

– Det betyr at dersom ein handlande kjem til Øyro, skal vedkomande finna ein p-plass. Viss det er fullt, betyr det at p-ordninga er for snill. Viss det er tomt, betyr det at ordninga er for streng, sa Andresen og heldt fram:

– Dette handlar om å kunna justera på nivået. Difor tilrår me at ein gjev spelerom til dei som skal handheva p-reglane etter kvart som dei dannar seg eit inntrykk av belegget.

Kamera eller app?

Eit anna sentralt spørsmål, er kva betalingsordning ein skal gå for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Andresen påpeika at det er vanlegare med kamera i lukka anlegg enn i gatestruktur.

– I gater er det fleire ulike brukarar. Menneske med nedsett funksjonsevne skal ha éi ordning. Du har varelevering og handverkarar. Eit anna moment er at du i ein gatestruktur må installera fleire kamera. Det kostar ein del, og uansett så slepp du ikkje unna ei digital løysing, påpeika Andresen.

Han konstaterte at det kan sitja litt langt inne for brukarar å nytta ein app, men at «det er veldig greit når ein fyrst er i gang».

– I forhold til tidsavgrensing på parkeringa, gjev ein app også god fleksibilitet. Sit du i eit møte som dreg ut i tid, kan du berre gå inn på appen og justera parkeringa, sa Andresen.

Med ei slik løysing er det krav om at brukarar kan betala kontant minst éin plass i sentrum. På Øyro er det Asplan Viak si vurdering at det vil halda med éi slik moglegheit. Denne må vera tilgjengeleg i heile perioden med avgiftskrav.

– Kva med parkering i fjell?

Politikarane i Liv i Bjørnafjorden var opptekne av at uansett løysing, må det heile skje saumlaust og automatisk. Det vart også stilt spørsmål om talet p-plassar som låg til grunn for utkastet, og det vart påpeika at det er fleire p-hus planar på bordet, og også planar om parkering i fjell.

– Parkering i fjell er ein veldig viktig del av dette. Me må få dynamitt inn under Moberg så raskt som mogleg. Det vil gje eit heilt anna grunnlag for parkering i heile sentrum, sa Gustav Bahus (Frp).

Han meinte også at 15 minutt gratis parkering var for lite.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg meiner me må klara to timar gratis slik som på Lagunen. 15 minutt er for lite sjølv om ein berre skal ha eit spann med måling, meinte Bahus.

– To timar er alt for lenge

Torgeir Skjælaaen (MDG) meinte scanning av ein QR-kode ville vera lettvint nok for både bjørnafjordingar og besøkjande. Han meinte også at me må venja oss til at det kostar å parkera.

– Eg trur to timar gratis parkering er alt for lenge. Står det bilar i to timar på Øyro ein laurdag, går ikkje eg der. Har du ærend som tek så lang tid, får du stå litt lenger vekke frå sentrum, meinte Skjælaaen.

Han påpeika at du gjerne har 400 meter å gå frå parkeringa på Lagunen til butikken du skal i.

– Det tåler vi på Øyro også. Så får fordelen vera at på Øyro, når du har bestemt deg for kva grill du skal ha, så kan du henta bilen, køyra heilt fram til butikken og ta med deg grillen, sa Skjælaaen.

Kjem opp att

Saka om parkeringsstrategi skal opp att i august/september. Til den tid skal administrasjonen ha utarbeidd ei sak som tek opp i seg spørsmåla kring kor ein faktisk kan parkera og korleis handhevinga av reglane skal føregå, noko som igjen dannar grunnlaget for ein skiltplan.

Til arbeidet med skiltplan løyvde Liv i Bjørnafjorden 300.000 kroner.