Kyrkjeflaten eller grusplassen?: Vel å ha litt meir 17. mai-is i magen
17. mai-komiteen vel å ha litt meir is i magen i håp om at Kyrkjeflaten kan brukast til programmet etter toget på nasjonaldagen.
Det er framleis usikkert om Kyrkjeflaten tørkar nok opp til å kunna ta i mot festklare osingar på 17. mai.
- Status er no at berre på dei siste 24 timane har området tørka mykje opp. Det er framleis stor vassmetting enkelte stader, men gartnarane lukkast med å få slått graset i går. Graset gror også etter kvart på dei brune områda, opplyser Kjetil Osablod Grønvigh og held fram:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Jokeren no, er vêrmeldinga for morgondagen, torsdag. Det er meldt til dels store mengder nedbør. Dette inneber at vi truleg vil vera attende til nullpunktet fredag morgon når det gjeld vassmetting.
Men gleda er langtidsvarselet fram mot 17.mai. Det er godt, og i favør Kyrkjeflaten.
- Konklusjon er at vi vel å ha is i magen litt til. Endeleg avgjerd kjem måndag. Då har finvêret som er meldt fått jobba endå litt til, og meteorologane vil kunna seia mykje meir eksakt om finvêret held seg fram til sjølve dagen.
Skular og alle andre involverte får detaljert info frå 17. maikomiteen om kva dei to alternativa inneber for dei, slik at dei lett kan tilpassa seg det endelege valet, legg Osablod Grønvigh til.
Os kommune vil nytta sine informasjonskanalar til å halda innbyggarane oppdatert på programmet for dagen, og rår alle å sjekka innom det digitale programmet med jamne mellomrom.
- All info vert fortløpande oppdatert.
jostein@osogfusa.no