Kyr skapte trøbbel i trafikken
Bilistar som skulle heim via Hegglandsdalen sundags ettermiddag fekk ei påminning om at Os ikkje er nokon by heilt endå.
Rundt kl 14 sundag fekk politiet melding om kyr i bilvegen i Hegglandsdalen. Politiet reiste til staden for å ordna opp.
Politiet har tydelegvis måtta smørja seg med tolmod, for på Twitter skreiv dei følgjande melding: "Politiet er på staden for MUUUUUUUUligens lokalisere eier av disse".