Måtte bera: Grunna krevande terreng, måtte brann og helse-personell bera kvinna om lag ein halv kilometer ut av skogen.

Kvinne køyrd til sjukehus etter fall i terrenget

Heldigvis var hjelpa nær.

Klokka 15.39 fekk Bjørnafjorden brann og redning melding om at ei eldre kvinne hadde falle i terrenget då ho gjekk tur i Lysefjorden. Tilfeldigvis var innsatsleiar i Bjørnafjorden brann og redning, Espen Storum, på besøk hos foreldra i Lysefjorden.

– Kvinna som fall, gjekk tur i terrenget ved skogsvegen som går frå Fiskarhaugane i Lysefjorden. Det var god GPS-måling på telefonen som varsla, slik at eg raskt fann fram til kvinna. Der hadde turgåarar og mannen hennar teke hand om ho med pledd, og dei passa godt på ho, fortel Storum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannvesenet kom med ATV, då det er eit krevjande terreng i området. Det viste seg å vera for krevjande for ATV-en, slik at mannskap frå brann og helse måtte bera kvinna ut til bommen på Fiskarhaugane, der ambulansen stod og venta.

– Kvinna hadde smerter og fekk smertelindrande på staden. Kvinna er på veg til sjukehuset no. Det såg ut til å gå bra med ho, seier Storum som vil skryta av både turgåarar og samarbeidet mellom brann og hele.

– Det er kjekt å sjå at turgåarane tok så godt hand om kvinna. Dei gav ho førstehjelp på staden. Brann og helse tok over, og det blei eit bere-oppdrag, der vi i brannvesenet og helsepersonell byta på å bera.