Kvinne i 20-åra mistenkt for promillekøyring
Ei kvinne vart klokka 04.35 i natt stogga av politiet, mistenkt for å ha køyrt bil i alkolholpåvirka tilstand.
Køyringa skal ifølgje ei melding frå Vest politidistrikt på Twitter ha funne stad mellom Halhjem og Nore Neset.
– Kvinna, som er i 20-åra, vart framstilt for legevakt for blodprøvetaking, går det fram av meldinga.