Kvinne i 20-åra har fått påvist covid-19: Har ikkje vore i utlandet
Kvinna skal ha hatt nærkontakt med personar buset utanfor Bjørnafjorden kommune som har fått påvist smitte.
Bjørnafjorden kommune melder fredag morgon om det 20. stadfesta tilfelle av koronaviruset i kommunen.
Ei kvinne i 20-åra har testa positivt for covid-19. Ho har ikkje vore i utlandet, men er nærkontakt til personar busett utanfor Bjørnafjorden kommune som har fått påvist smitte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sidan kvinna ikkje har vore i utlandet, har ho heller ikkje vore i karantene. Assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale opplyser at alle nærkontaktane til den smitta kvinna i Bjørnafjorden kommune er varsla og vil bli testa i dag.
— Vi har god kontroll på smittesporinga internt i kommunen. Kartlegginga av nærkontaktar utanfor kommunen held framleis på, fortel Nordvik Dale.