Stoppa kvinne: Politiet stoppa ei kvinne i 20-åra i nærleiken av Os sentrum i helga. Ho er mistenkt for å ha køyrd bil i alkohol-rus.

Kvinne i 20-åra er mistenkt for promillekøyring

Blei stoppa av politiet i nærleiken av Os sentrum.

— Kvinna er mistenkt for promillekøyring. Vi går ikkje ut med alkoholpromillen før vi har fått svar på blodprøva. Det var nok til at vi tok førarkortet. Over lovleg verdi, altså, seier politioverbetjent, Christine Grindstein.

Kvinna i 20-åra blei stoppa av politiet i nærleiken av Os sentrum natt til laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare fortel Grindstein at det har vore mange meldingar om feststøy i helga.

— Politiet var ute på éin av desse meldingane. Det var på Lepsøy klokka 06 om morgonen. Det var for så vidt roleg då. Dei som var på staden fekk pålegg om å halda seg roleg også, seier Grindstein og legg til:

— Elles har det kome ein del meldingar om feststøy frå privatadresser, utan at politiet har hatt kapasitet til å rykka ut på dei.