Ta kontakt: Politioverbetjent Anne Lyssand ber publikum kontakta politiet ved liknande opplevingar.

Kvinne (57) ville hjelpa varebil-sjåfør å finna vegen. Fekk seg ei ubehageleg overrasking.

For inne i førarsetet skal mannen ha tilfredsstilt seg sjølv.

Hendinga fann stad på Søre Neset måndag ettermiddag kring kl. 17.40.

Ei 57 år gamal kvinne var ute og lufta hunden då ein mann i ein kvit varebil kontakta henne på engelsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han trong hjelp med å finna vegen til ei adresse.

Kvinna gjekk då nærmare for å høyra kva han sa, men vart overraska over det ho då såg.

For inne i førarsetet skal mannen ha site med smekken nede medan han tok på seg sjølv.

Deretter forsvann han raskt frå staden.

Eit par timar seinare kontakta kvinna politiet.

Lite å gå på

Politioverbetjent Anne Lyssand opplyser at dei ikkje har noko registreringsnummer eller særleg anna å gå etter i saka.

— Men publikum må sjølvsagt ta kontakt dersom dei opplever liknande situasjonar.

Ho opplyser også at det skal ha vore ein tilsvarande situasjon på Fanafjellet for ei vekes tid sidan, men at dei har namn og nummer i den saka.

Artikkelen held fram under annonsen.