Kvifor er traktoregga rosa?
Fleire stader i Os er det no registrert at rundballane ikkje lenger har den sedvanlege kvite fargen.
Blant anna oppe på Moberg kan dei populært kalla traktoregga sjåast i ny fargedrakt. Rosa rundballar ligg strødd utover jordet og langs vegen. På facebook kunne ein onsdag finna ein god del humørfylte forklaringar på fenomenet.
- Kanskje det er ein skjult agenda her for å rekruttera fleire jenter til bondeyrket, spurde ein.
Artikkelen held fram under annonsen.
- No kan me ikkje lenger lura amerikanarane med å seia at om sommaren så rullar me berre bort snøen, og rullar han ut att når vinteren kjem, kommenterte ein annan.
Felleskjøpet stør brystkreftsaka
Den eigentlege forklaringa kan nationen.no bistå med. Den er at Felleskjøpet no sel rosa plast til bruk i rundballane land og strand rundt til støtte for brystkreftsaka. For kvar rosa rull som vert selt, donerer Felleskjøpet 30 kr til brystkreftforsking. I tillegg skaper rundballane i seg sjølv fokus på saka.