Kverrsette førarkort
Sundag ettermiddag fekk politiet i Os melding om griste køyring på Halhjemsvegen. Ein bergensar i 30-åra fekk førarkortet kverrsett som følgje av episoden.
Hendinga fann stad klokka 16.40 sundag.
Fleire meldte frå om grisete køyring på vegen mellom Halhjem og Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ein mann i 30-åra frå Bergen vart stogga. Førarkortet hans vart kverrsett, og han vert meldt for forholdet, opplyser politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Audun Hadler-Olsen.
Mannen samtykka i at førarkortet vart kverrsett. Det er ikkje mistanke om promillekøyring i samband med grisekøyringa.