Kven skal styra kyrkjene i Os og Fusa?
Soknerådsvalet står for døra. «Os og Fusa-posten» presenterer her kandidatane, og kva dei står for.
Samtidig med at det skal veljast nytt kommunestyre, skal det også veljast nye kyrkjestyre i bygdene våre. Dei som er medlemmer i Den norske kyrkja har stemmerett.
- Førehandsvalet i kyrkjetunet varer fram til fredag kl 14. Elles er hovudvalet på same tid og stad som kommunevalet komande veke, opplyser kyrkjeverje Gerhard Hansen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Same opplegget gjeld for Fusa. I båe kommunane vert det mogleg å røysta i dei same lokala der ein kan røysta til kommunevalet.
Skular og aldersheimar er vanleg å nytta som vallokale. Hansen opplyser at i kyrkjevalet er det ikkje råd å stryka kandidatar, men det er mogleg å gje tre personar ei ekstra røyst.
Soknerådet består av 10 personar, og fem personar skal stå som vara. I Os er det 15 personar som stiller til val. I Fusa er det 14.
I Os har kandidatane fått lov å presentera seg grundig i siste utgåve av kyrkjebladet. I Fusa har kandidatane nøydd seg med å svara på kva dei vil prioritera å arbeida med i komande periode.
Om likekjønna ekteskap
Den kyrkjelege valkampen på nasjonalt nivå har vore mykje prega av ja eller nei til likekjønna ekteskap i kyrkja. Domprost Jan Otto Myrseth opplyser til «Os og Fusaposten» at det også er vallister for og mot dette i mange bispedømme.
- Dette valet liknar då meir på eit politisk val?
- Ja, det vert litt meir i retning av det. Kyrkja si haldning til likekjønna ekteskap er ei viktig sak, men kyrkja si framtid heng ikkje på akkurat det spørsmålet, seier Myrseth.
Artikkelen held fram under annonsen.
I Os ser debatten ut til å vera mindre framtredande foreløpig. Berre to av kandidatane som står til val trekkjer særleg fram dette spørsmålet.
Kandidatar til soknerådet i Os:
Anne Turid Bjørnevik
Stilling: overlege
Alder: 47
Lege og firebarnsmor Anne Turid Bjørnevik ønskjer å jobba for at fleire ungdomar og barnefamiliar kan finna seg til rette i gudstenesta. Ho opplever at mange i den oppveksande generasjonen ikkje møter opp på sundagane, og trur det har med formspråket i kyrkja å gjera. Ho føreslår difor ytterlegare endring av gudstenesta for å gjera ho meir tilpassa dei unge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jo Kåre Herfjord
Stilling: Assisterande fylkeslege
Alder: 49
Trebarnsfaren kjem opprinneleg frå Oslo, men har budd i Os sidan 1997. Han vart kristen som 14-åring, og vil at Jesus skal prega livet hans meir og meir. Han meiner at det er fint med alle aktivitetane kyrkja står bak, men at relasjonar og fellesskap er viktigare. Han føreslår å etablera smågrupper i kyrkjelyden, både for å møta den enkelte, men også for å styrkja fellesskapen. Tek til orde for samlingar som er "løsere i snippen", med bibelbasert undervisning og lovsong. Held fram at bodskapen må basera seg på Bibelen og at Guds grenselause kjærleik og ufortente nåde må vera det sentrale i forkynninga.
Kay Even Hægland
Stilling: Student
Alder: 22
Artikkelen held fram under annonsen.
Denne innfødde osingen utdannar seg til å bli byggingeniør. Har eit godt nettverk blant ungdom i bygda, noko som kan vera positivt med tanke på å involvera denne aldersgruppa. Føreslår å involvera fleire unge ved å gje dei hjelp til kvardagslege gjeremål som barnepass og leksehjelp samtidig som kyrkjelyden samlast. Tek til orde for at forkynninga må ha sitt utgangspunkt i Bibelen, slik at den vert hovudkjelda til kunnskap om Gud og Jesus.
Torild Aadland
Stilling: Sjukepleiar
Alder: 64
Torild Aadland jobbar som sjukepleiar på Kysthospitalet i Hagevik, er bestemor til sju og medlem av soknerådet i dag. Ho legg vekt på at arbeid som spring ut av den lokale trusopplæringsplanen no må følgjast opp. Vidare vil ho jobba for at medlemene endå meir tek økonomisk ansvar for den nye storsalen, som er sårt tiltrengt. Skriv at "Bibelens ord er kirkens lære", og tek til orde for meir bibelundervisning. Korleis leva som kristen er eit anna emne ho ønskjer meir undervisning om.
Artikkelen held fram under annonsen.
Arne Tveit
Stilling: Kyrkjebyggsjef i Bergen kyrkjelege fellesråd
Alder: 53
Tveit er relativt fersk som osing, men har lang erfaring frå det kyrkjelege hierarkiet både som medlem i sokneråd, bispedømeråd og kyrkjemøte. Som kyrkjebyggsjef stiller han med erfaring som kan koma bygginga av det nye kyrkjetunet til gode. Tek til orde for at soknerådet må følgje nøye med på vekstkommunen Os sine planar, for å kunna gje gode innspel i relevante plansaker. Tek til orde for å forkynna evangeliet for fleire enn dei faste kyrkjegåarane.
Jorunn Hodneland
Stilling: Operasjonssjukepleiar
Alder: 56
Har 27 års medlemskap i frikyrkja DELK bak seg, men er døypt og konfirmert i Den norske kyrkja. Ho ønskjer å gjera kyrkja meir synleg for osingane, også ved å verta flinkare på sosiale medier. Ho ønskjer seg gudstenester som er litt friare i forma (5 på 11-gudstenester), samtidig som ho vil halda på tradisjonelle gudstenester og eigne dåpsgudstenester. Å arrangera kyrkjelyds-weekend er eit anna tiltak ho nemner. Vil at borna i større grad skal aktiviserast og engasjerast i kyrkja.
Artikkelen held fram under annonsen.
Knut Inge Johnsen
Stilling: Lærar
Alder: 63
Knut Inge Johnsen er kjent i Os kyrkjelyd for arbeidet han har gjort med ungdom. Han er elles ein dyktig fotograf, og underviser i dette faget på Fana folkehøgskule. Johnsen er utdanna teolog. Johnsen står også på Miljøpartiet Dei Grøne si liste til kommunestyrevalet, og er oppteken av klimautfordringane. Han vil at kyrkja skal engasjera seg i flyktningekatastrofane. Til osingane vil han stilla same spørsmålet som Jesus gjorde: "Kva vil du at eg skal gjera for deg?" Er den som tydelegast tek stilling i homofilispørsmålet - vil "signalisera ei totalt inkluderande og likeverdig haldning til homofile".
Kjellaug Fyllingsnes
Stilling: Pensjonist
Alder 64
Den pensjonerte sjukepleiaren frå Os har jobba både på Haraldsplass, Kysthospitalet og for Det Norske Misjonsselskap i Kamerun. Er ny i sokneråds-samanhang, men er innstilt på gå "inn i dei oppgåvene som vert lagt på meg". Ho vil at kyrkja skal dela evangeliet med alle som kjem innom. Ho løfter særleg fram at dåpshandlinga bør leggjast til hovudgudstenestene, i staden for å ha separate dåpsgudstenester.
Leif Fjellvang
Stilling: Pensjonist
Alder: 75
I Os er Leif Fjellvang mest kjent som primus motor for Os Reisebyrå. Sjølv om han no har overlate spakane til andre, har han mange jarn i elden. Han er mellom anna engasjert i bruktbutikken NMS Gjenbruk i Irisgården. Han ønskjer å vinna ungdomen for Kristus, og oppfordrar kyrkjelyden til å visa omsorg, kjærleik og å ta dei unge sine problem på alvor.
Tonje Hernes
Stilling: Musikklærar
Alder: 30
Hernes har studert komposisjon ved Griegakademiet. Ho vart uteksaminert i år. Ho jobbar deltid på Strøno barneskule og er dirigent for Nore Neset Skulekorps. Ho ønskjer å løfta fram kyrkjas stadig aktuelle bodskap i møte med to motstridande krefter i samfunnet: På den eine sida dei som er søkjande etter alt frå skytsenglar til mindfulness - og på den andre sida dei som er skeptiske til alt overnaturleg. Ho saknar stundom tydeleg forkynning i Os kyrkje, men vil samtidig møta andre med kjærleik gjennom respekt og toleranse.
Edle Svendsen Lunde
Stilling: Lærar
Alder 68
Edle Svendsen Lunde er ein kjent person i kyrkjelyden. Ein av sønene hennar er prest. Ho er design- og handverkslærar. Ho er ein kreativ person som gjerne bidreg når det blir arrangert drama eller andre kunstutrykk i kyrkjeleg samanheng. Ho vil forkynna Kristus "gjennom handling og om nødvendig med ord". Ho vil at kyrkja skal vera åpen for alle uavhengig av sosial status, sterk eller svak tru, kva bakgrunn ein har og kva seksuell legning ein har.
Hanna Hagerup
Stilling: Pensjonist
Alder: 67
Denne Oslo-dama møtte Jesus etter at ho kom til kom til Os som 39-åring. Ho skildrar det som eit viktig vendepunkt i livet. Ho seier at Jesus Kristus er den rake motsetning til tidsåndens krav om å ha suksess på alle frontar. Er den som tydelegast nemner bøn som konkret virkemiddel for å nå dei unge. Ho vil be for at dei skal bli deltakande i fellesskapen. Elles legg ho opp til å vidareføra arbeidet med å etablera nye tilbod for å nå nye grupper. Shuba-Dubs og Fredagstaco er døme på dette.
Anne Wivegh
Stilling: Hjelpepleiar
Alder: 53
Trebarnsmora tek til orde for å styrkja barne- og ungdomsarbeidet i Os og i krinsane. Ho har sjølv engasjert seg i slikt arbeid i Nore Neset kyrkje. Frå 2006 og framover har ho vore med i lag med andre foreldre for å stabla ungdomsklubben "Stallen" på beina. Elles tek ho til orde for at forkynninga må vera "rett og sann og etter bibelsk lære".
Grete Våge
Stilling: Pensjonist
Alder: 65
Den tidlegare sjukepleiaren Grete Våge kom til Os og Kysthospitalet i 1972. I august gjekk ho av med pensjon. Ho er engasjert i ei misjonsforeining og arbeider også i NMS Gjenbruk i Irisgården. "Dersom det er noko eg med min kunnskap og ressursar kan bidra med, så vil eg gjera det", skriv ho. Våge vil at kyrkja skal vera ein stad der alle kan kjenna seg velkomne.
Oddvar Sandtorv
Stilling: Pensjonist
Alder: 71 år
Han er utdanna diakon frå diakonhjemmet i Oslo, og har jobba i helsesektoren gjennom heile yrkeskarrieren. Han ønskjer å engasjera seg i bønetenesta i kyrkjelyden. Han ønskjer å nå born og unge i Os, men ser at det er vanskeleg å konkurrera med alt dei unge blir "bombardert" med i dag. Ser tendensar til ein ego-kultur i samfunnet som han meiner er gudsfiendtleg. Ønskjer seg ei klar og rein forkynning av Guds ord, sjølv om det kan vera problematisk for den moderne verda å forholda seg til bodskapen om Jesu kross.
Fusa - dette vil kandidatane prioritera:
Randi Hauge
Stilling: Pensjonist
Alder: 62
. Frivillige medarbeidarar
. Kulturarrangement
. Diakoni
Roald Samnøy
Stilling: Uføretrygda
Alder: 63
. Kyrkjer - halda i god stand
. Kyrkjegardar - halda i god stand
. Gudstenester
Toralv Huse
Stilling: Bonde
Alder: 66
. Gudstenester
. Kyrkjegardar - halda i god
stand
. Frivillige medarbeidarar
Britt Mari Gjerde
Stilling: Lærar
Alder: 43
. Ungdom/Konfirmantar
. Born
. Misjon
John-Petter Lundervik
Stilling: Tømrar
Alder 38
. Barn
. Ungdomsarbeid
. Gudstenester
Olaug Elise Mjelde
Stilling: Barne- og ungdomsarbeidar
Alder: 55
. Sundagsskule - Fusa kyrkje
. Kyrkjevert ved gudstenester
. Kyrkjer - halda i god stand
Hildegunn Myrlid Eide
Stilling: Styrar i Trollskogen
barnehage
Alder: 49
. Trusopplæring for dei
minste
. Diakoni
. Innhaldet i gudstenesten
Hans Vindenes
Stilling: Ordførar
Alder: 63
. Frivillige medarbeidarar
. Kirkens Nødhjelp
. Kyrkjer og kyrkjegardar -
halda i god stand
Else Gaugstad
Stilling: Pensjonist
Alder: 66
. Kyrkjer - halda i god stand
. Kyrkjegardar - halda i god
stand
. Born
Hans Inge Berge
Stilling: Næringsdrivande
Alder: 44
. Frivillige medarbeidarar
. Kyrkjer - halda i god stand
. Kyrkjegardar - halda i god
stand
Toril Hjartåker
Stilling: Bibliotekmed-
arbeidar
Alder: 45
. Trusopplæring for
dei minste
. Gudstenester
. Kirkens Nødhjelp/
Nødhjelpsarbeid
Ole Bjørn Eikeland
Stilling: Adjunkt
Alder: 63
. Småbarnsfamiliar
. Trusopplæring for dei
minste
. Ungdom/Konfirmantar
Engel Magne Berge
Stilling: Bussjåfør og
småbrukar
Alder: 64
. Konsertar
. Ungdom/Konfirmantar
. Kulturarrangement
Sigbjørn Sundfjord
Stilling: Konstruktør
Alder: 49
. Innhaldet i gudstenestene
. Kyrkjer - halda i god stand
. Ungdom/Konfirmantar