Kvelden med Kjosaas utsett på ubestemt tid
Linda Kjosaas kjem seg ikkje frå Libanon. Dermed gjestar ho ikkje Torsdagsakademiet i Fusa i morgon.
Kjosaas har no måtte avlysa to gonger grunna at ho ikkje kjem seg frå Libanon.
- Ho sit fast i Libanon. Det er visst ikkje så lett å reisa ut av landet med eit lite born, seier Martine Durban Jahr frå Fusa folkebibliotet, som er arrangør av Torsdagsakademiet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er ikkje avlyst, men utsett på ubestemt tid, legg ho til.
Udramatisk
Årsaka til at Kjosaas ikkje kjem seg til Noreg skal ikkje vera dramatisk. I ein e-post til Os og Fusaposten skriv ho at det heile er irriterande, men udramatisk, og at ho håpar på å få vera med på Torsdagsakademiet til neste år.
Neste program i Torsdagsakademiet er 19. november. Då kjem Tom Roger Aadland på besøk.