Ordførar i Fusa, Atle Kvåle (Ap), var svaret på luke 11.
Ordførar i Fusa, Atle Kvåle (Ap), var svaret på luke 11.

Kvåle vert ordførar

Atle Kvåle frå Arbeidarpartiet vert ny ordførar i Fusa. Magne Djuvik (Frp) vert varaordførar.

Etter forhandlingar mellom Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre er det i kveld inngått følgjande avtale om sentrale verv: Atle Kvåle (Ap) vert ordførar i Fusa kommune, medan Magne Djuvik (Frp) vert varaordførar.

- Samarbeidspartane vil halda fram den gode prosessen om dei resterande posisjonane, opplyser Kvåle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den komande ordføraren fortel òg at det skal utarbeidast eit handlingsprogram for samarbeidet.

- Vi har framleis god tid. Konstitueringa finn ikkje stad før 22. oktober, seier Kvåle.