Kvåle på topp ti
Laurdag fann Hordaland Arbeiderparti sitt nominasjonsmøte stad i Bergen. Magne Rommetveit frå Stord toppar lista, medan ordførar i Fusa, Atle Kvåle, vart valt som nummer 9.
Trine Lindborg frå Os Ap vart valt som nummer 16 på vallista.
- Hordaland Arbeiderparti gjer seg klar for valkamp og har som mål å få inn seks representantar etter valet i september 2017, heiter det i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei 10 øvste på Hordaland Arbeidarparti si valliste er:
1.) Magne Rommetveit, Stord
2.) Jette Christensen, Bergen
3.) Eigil Knutsen, Bergen
4.) Ruth Grung, Bergen
5.) Leif Sande, Lindås
6.) Linda Monsen Merkesdal, Voss.
7.) Øystein Hassel, AUF
Artikkelen held fram under annonsen.
8.) Lubna Jaffery, Bergen
9.) Atle Kvåle, Fusa
10.) Miriam Haavik, Askøy
16.) Trine Lindborg, Os