Ordførar Marie Bruarøy og leiar i barnevernstenesta i Os, Linda Hevrøy, fekk æra av å spretta kaka i dei nye lokala i Handlegården.
Ordførar Marie Bruarøy og leiar i barnevernstenesta i Os, Linda Hevrøy, fekk æra av å spretta kaka i dei nye lokala i Handlegården.

Kunne innvia tre gonger så store lokale

Onsdag var det innflyttingsfest i barnevernstenesta sine nye lokale i Handlegården.

– Når eg ser kor mange dykk er, så er det nærast så eg ikkje skjøner koreis dykk fekk plass i den gangen dykk var i på rådhuset, sa ordførar Marie Bruarøy i gratulasjonstalen.

Dei tilsette nikka godt til den kommentar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kring 500 kvm

Dei 22 tilsette i barnevernstenesta i Os sat tidlegare tre og tre på kvart kontor i Rådhuset. No har dei eitt kvar.

I lokalet der Skatt Vest og Kulør barnehager tidlegare heldt hus, er det godt med plass.

– Me har fått det nett slik me håpa på og ønskte oss. Me må få takka sjefanen våre Line Rye og Christian Fotland som forstod at dette var naudsynt, og elles takka JOA-gruppa, som har innreia og gjort det så triveleg og fint her, sa leiar i barnevernstenesta, Linda Hevrøy.

Barnerommet har eit langt spegl på veggen. Bak speglet kan dei tilsette i barnevernstenesta observera born og foreldre etter behov.
Barnerommet har eit langt spegl på veggen. Bak speglet kan dei tilsette i barnevernstenesta observera born og foreldre etter behov.
Heile 22 kontor har tenesta fått i Handlegården. Nokre av dei er større enn andre.
Heile 22 kontor har tenesta fått i Handlegården. Nokre av dei er større enn andre.

Barnerom med observasjonsspegl

I det nær 500 kvm store lokalet i andrehøgda i Handlegården har dei fått stort mingle-område mellom kontora., kjøken, fint venterom og ikkje minst eit flott og forseggjort barnerom med leiker og plass til store familiar.

– Tilhøyrande dette rommet har me eit observasjonsrom der me kan observera gjennom ein spegel på veggen. På den måten vert slike settingar mindre kunstige, seier Anne Heggland.

Glade born

Ordførar Bruarøy kommenterte at kjente kollegaer frå rådhuset no var flytta ut, og at det på sett og vis var trist.

– Det er alltid trist når nokon ein ser til dagen flyttar ut av eit «arbeidskollektiv» som det me har på rådhuset, men samstundes kjenst det også rett at det er barenvernstenesta som har flytta til ein litt meir skjerma plass. Det trur eg på mange måtar er gunstig både for dykk som er tilsette, og ikkje minst for brukarane av tenesta, konkluderte

Bruarøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no