Kulturalibiet på Osøyro
Trass i stor konkurranse frå den digitale kvardagen trur Merethe Johnsen Bjørkeli på framtida for Osøyro Libris.
MK Olsen vart i 1909 opna av Markus Kristian Olsen. Butikken var eigd av Olsen-familien fram til 1986. F. Beyer overtok i nokre år, før Rigmor Johnsen og mannen hennar Alf W. Johnsen overtok butikken i 1991. I dag er det ekteparets dotter, Merethe Johnsen Bjørkeli, som står for den daglege drifta. Mor Rigmor jobbar også eit par dagar i veka.
- Butikken her har eksistert i 107 år. Om berre opprustinga og gravearbeidet utanfor her snart vert ferdig, held me nok ut nokre år til, humrar Bjørkeli.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bjørkeli har sjølv jobba i butikken i kring 30 år. Ho meiner mykje har endra seg.
- Tidlegare hadde me nærast einerett på å formidla bestseljarar. I dag konkurrerer me både med daglegvarebutikkar og større handlekjeder, og tener difor ikkje særleg på dette. Dermed handlar det ein del om å finna fleire bein å stå på, seier Bjørkeli.
Viktig kulturformidlar
I tillegg til å selja papir og bøker har Osøyro Libris satsa meir og meir på sal av kontorartiklar. Nyleg inngjekk dei ein avtale med Kontorspar.
- Som bokhandel lever me av høgsesongar. Difor er det viktig å sikra seg faste inntektskjelder også elles i året, seier Bjørkeli.
Ho håpar folk i Os ser verdien av å handla lokalt.
- Det er mange Os-firma som treng kontorartiklar. Om dei er flinke til å handla lokalt i staden for å gå til storkjedene, så gjer dei også ein innsats for å halda liv i sentrum, seier Bjørkeli.
Men mest av alt handlar bokhandlar-livet om å formidla kultur.
- På mange måtar er me ein kulturgarantist. Ved å ha oss i nærleiken er ein garantert å få tilgang til alle nye bøker. Det er me nemleg pålagt å syta for. Dessutan er me opptekne av å fremja lokale forfattarar og skribentar, legg Bjørkeli til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kafé og kultur
Til liks med resten av bokbransjen har også Osøyro Libris merka nedgangen i sal av bøker. Digitale medium stel stadig fleire kundar frå dei som formidlar kultur på papir.
- Nedgangen er merkbar, men det er stadig eit godt publikum som føretrekkjer å lesa bøker på den gode, gamle måten. Dei må me ta godt vare på, også her i Os, smiler bokhandlar-sjefen.
Utanfor reiser det nye torgbygget seg. Bjørkeli gler seg til det står ferdig.
- Me har tapt litt på alt styret utanfor. Det er ikkje til å stikka under ein stol. Til gjengjeld trur me at det blir ein skikkeleg fin kulturell møteplass her når bygget er ferdig. Kafé og litteratur høyrer jo litt i saman. Kanskje kan me få til eit samarbeid med Frank Bruarøy og Havnechefen om ein bokkveld eller noko liknande, undrar Bjørkeli.