- Er tryggleiksvideoen og tryggleiksinformasjonen som blir spilt av på kvar overfart ein vits? Ikkje noko av det som blir vist eller sagt på skjermane eller over høgtalarane blei følgt, seier ein passasjer som var om bord på MF Fosen då ferja støytte på eit berg i nærleiken av kaien på Hatvik sist veke. (Arkivfoto)
- Er tryggleiksvideoen og tryggleiksinformasjonen som blir spilt av på kvar overfart ein vits? Ikkje noko av det som blir vist eller sagt på skjermane eller over høgtalarane blei følgt, seier ein passasjer som var om bord på MF Fosen då ferja støytte på eit berg i nærleiken av kaien på Hatvik sist veke. (Arkivfoto)

Kritiserer dei tilsette på MF Fosen

I slutten av sist veke, køyrde MF Fosen i eit berg i tjukk tåke på overfarten frå Venjaneset til Hatvik. Ein passasjer meiner at mannskapets handsaminga av hendinga er under ein kvar kritikk.

Passasjeren ønskjer ikkje å stå fram med namn, men vedkomande var om bord då ferja støytte på eit berg nokre hundre meter frå ferjeleiet på Hatvik. Passasjeren har lista opp ei rekkje punkt med kraftig kritikk. Dette er nokre av punkta i kritikken:

1. Det kom ikkje varsling om at noko var gale, eller at båten ville få landkjenning.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Det blei ikkje slått alarm etter landkjenninga.

3. Det var ikkje mannskap til stades i salongen som sjekka om det var skadar på dei reisande.

4. Det blei ikkje gitt noko forklaring over høgtalarane.

5. Korleis kunne MF Fosen gå med tilnærma vanleg fart når sikten var så dårleg?

6. Er tryggleiksvideoen og tryggleiksinformasjonen som blir spilt av på kvar overfart ein vits? Ikkje noko av det som blir vist eller sagt på skjermane eller over høgtalarane blei følgt.

Vil ikkje offentleggjera eventuelle reaksjonar

Administrerande direktør i FosenNamsos Sjø, Grete Fuglem Tennås, var ikkje kjend med spørsmåla passasjeren har retta til selskapet då vi kontakta ho torsdag. Etter å ha lese e-posten, fortel ho at ho ikkje kan uttala seg på noverande tidspunkt.

- Vi er ikkje ferdig med å undersøkja hendinga. Då kan eg heller ikkje gå inn på konkrete spørsmål knytt til dette, seier Fuglem Tennås.

I granskinga vil dei sjå heile hendinga under eitt. Altså alt frå korleis det er blitt varsla, til kva som er gjort og ikkje gjort i dei ulike fasane av hendinga. .

Artikkelen held fram under annonsen.

På spørsmål frå Os & Fusaposten om hendinga vil gje reaksjonar, svarer Fuglem Tennås at det generelt sett ikkje blir vurdert før hendingar er granska, og påpeikar at dei aldri går ut i media med informasjon knytt til eventuelle personsaker.

- Det vil ikkje bli kommentert om det blir gitt reaksjonar eller ikkje, seier Tennås Fuglem og legg til at granskingsrapportar er interne dokument.

- Desse skildrar kva som har skjedd og ikkje minst fokuserer på kva som bør iverksetjast av tiltak framover. For at dei skal ha si hensikt, skal dei handsamast internt og vil ikkje vera offentlege dokument.