Kripos framleis tungt inne

Politiet opplyser at Kripos framleis er tungt inne i arbeidet med valdtekta på Brimsholmen.

- Vi går ikkje ut med noko nytt førebels, seier Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Han vil framleis heller ikkje kommentera Bergens Tidende sine opplysningar om valdtekta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag sist vekeskreiv Bergens Tidende at politiet jaktar to menn og at valdtekta politiet i Os no etterforskar for fullt, skal ha skjedd innandørs i eit hus på Brimsholmen.

- Vi har ikkje gått ut med den informasjonen, og kommenterer ikkje dei opplysningane BT har omtalt. BT får stå få dei, vi veit ikkje kvar dei har det frå, seier Hadler-Olsen.