Miriam Pettersen Olsen, Kine Marie Eide og Camilla Søfteland står bak elevverksemda Multitaskerne. I februar arrangerer dei aktivitetsdag for 1.- 3. klassingar på Hegglandsdalen barneskule.
Miriam Pettersen Olsen, Kine Marie Eide og Camilla Søfteland står bak elevverksemda Multitaskerne. I februar arrangerer dei aktivitetsdag for 1.- 3. klassingar på Hegglandsdalen barneskule.

Kreativ og engasjert skuleungdom

Elevane på Os ungdomsskule blir så engasjerte i elevbedriftene sine at dei jobbar med dei utanom skuletida.

- Me manglar nokre elevar her i dag. Dei avspaserer, då dei har jobba ettermiddagar, fortel lærar Perny Sandvik.

Populært valfag

Os og Fusaposten vitja tysdag 9. klassingar på Os ungdomsskule, som har valt valfaget Produksjon av varer og tenester. Der opprettar dei ulike verksemder utifrå eigne idear.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Elevane vel sjølve kva dei vil jobba med, og dei set saman gruppene sjølve. Valfaget er for åttande- og niandeklassingar, seier Sandvik.

Valfag var i nokre år borte frå ungdomsskulen, men for fire år sidan starta dei opp att. Produksjon av varer og tenester er utruleg populært blant elevane.

- Det vert raskt fylt opp. Det er det same konseptet som eit anna valfag, Innsats for andre, men i Produksjon av varer og tenester jobbar dei for å få seg litt lommepengar. I Innsats for andre går inntekta til veldedige organisasjonar, til dømes. Begge desse valfaga er populære, seier Sandvik.

Lærar Perny Sandvik skryter av innsatsen til elevane i valfaget Produksjon og valg av tjenester.
Lærar Perny Sandvik skryter av innsatsen til elevane i valfaget Produksjon og valg av tjenester.

Fekk napp på vaskejobb

Dei ulike verksemdene har fokus på alt frå å jobba i butikk, til hundelufting og aktivitetsdagar for born.

Camilla Søfteland, Miriam Pettersen Olsen og Kine Marie Eide har oppretta verksemda Multitaskerne. Som namnet indikerer, gjer dei litt av kvart.

- Me starta med å vaska hus, og passa born. Eigentleg sa me at me kunne hjelpa til med det meste. Då hengde me opp lappar med kontaktinformasjon på butikkar i Os, og annonserte på Facebook. Der fekk me napp, og har vaska fast heime hos ein familie, seier Søfteland.

Aktivitetsdag i Hegglandsdalen

No er jentene i kontakt med Hegglandsdalen barneskule. Dei ønskjer å laga ein aktivitetsdag for born i 1.- 3. klasse.

- Me har fått lov til å bruka gymsalen utan å måtta betala for det. Me ser føre oss at aktivitetsdagen skal vara i ein time, seier Eide.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik det ser ut no, vil aktivitetsdagen gå av stabelen torsdag 11. februar.

- Me skal vitja skulen då me ønskjer å høyra kva ønsker dei har for aktivitetsdagen. Om det er mange som melder seg på, vil jentene dela dei inn i grupper, og arrangerar fleire aktivitetsdagar.

- Me vil gjera dette på eigahand, utan hjelp frå vaksne. Tryggleik er viktig, så me kan ikkje ha for mange elevar å halda styr på, seier Pettersen Olsen.