Kranselag for nye Luranetunet: - Utruleg stolt over kva me får til saman

Under kranselaget skrytte Tor Inge Døsen av at romkostnaden på nye Luranetunet blir 3,5 gonger rimelegare enn på den nye sjukeheimen i Bergen. Deretter dukka olje- og energiministeren opp.

Sjølv om det er ei stund til nye Luranetunet kan takast i bruk, er råbygget oppe til jul, og politikarar, entreprenørar, bygningsarbeidarar og administrasjon var samla for å feira.

- Det er ikkje mange kommunar som held kranselagstradisjonen i hevd lenger, men Os gjer det, og det er veldig fint. I løpet av prosessen har me skjønt at denne kommunen er noko utanom det vanlege, sa Rune Vonheim frå entreprenør Consto A/S.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange osingar blant arbeidarane

Rundt 40 arbeidarar frå diverse underleverandørar var i sving med bygget torsdag, då festlyden fekk omsyning gjennom nybygget.

- Det er mange osingar blant dei me har hyrt inn for å gjera jobben. Bl.a. Vestafjell og Skaatun, som båe er Os-firma har vore inne, og det er veldig kjekt å kunna bruka lokal arbeidkraft, sa prosjektleiar Thomas Jordal frå Consto.

Kommunalsjef for helse og omsorg, Nils Petter Borge, var med på omsyninga i råbygget og var imponert over det han fekk sjå.

- Det er utruleg kjekt å sjå bygget reisa seg, slik som det gjer no. No tek me til å sjå dei kvalitetane som me har tenkt på at dette skal gje bebuarane. Eg tenkjer på utsikta som vil bli, og ikkje minst tropehagen. No tek me til å sjå at det faktisk kjem til å bli slik, sa Borge.

3,5 gonger dyrare i Bergen

Etter omsyninga i bygget, var det mange som ville seia nokre ord. Tor Inge Døsen var først ute.

- Me brukte eit heilt år på å snakka saman om korleis me kunne laga eit fantastisk omsorgssenter. Me reiste til Vestfold og fekk inspirasjon. Rådmannen sa at me måtte laga eit omsorgssenter som er kostnadseffektivt, og det har me prøvt å få til, sa Døsen.

Han la fram eit reknestykke der han samanlikna prisen på Luranetunet med prisen på Bergen kommunes nye sjukeheim på Sandsli.

- Totalkostnaden på nye Luranetunet med sine 97 rom og sansehage og tropehage, er 275 mill. kroner. Etter fråtrekk av husbankstønad og momsrefusjon hamnar me på ein pris per rom på 870.000 kroner per rom. Og så les me at Bergen kommune sin nye sjukheim på Sandsli, (150 rom), er planlagt å kosta 838 mill. kroner. Dei står att med 2, 97 mill. kroner per rom netto, medan Os kommune altså må betala 870.000 kroner. Dermed kunne me bygt 3,5 rom for same kostnad som Bergen kommune, sa Døsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statsråden kasta glans

Før olje- og energiministeren tok ordet, skrytte leiaren for den politiske styringsgruppa, Erik André Hesthamar, over både Søviknes og Tor Inge Døsen.

- Eg må få lov å takka dykk for at de torde å tenkja utradisjonelt. At det er mogleg å byggja ein sjukeheim med tropehage. At det er mogleg å tenkja så kreativt. Dette har vore mitt første prosjekt som politikar, og eg er utruleg stolt over kva me har fått til saman. Seinast i går høyrde eg på radioen ein bebuar som ikkje kunne få skrytt nok av tilbodet på Luranetunet, og me skal vera stolte over å ha ein så god sjukeheim, sa Hesthamar.

Terje Søviknes kom litt seint, men fekk samstemt applaus då han gjorde entré. Mange takka og gratulerte ministeren i sine talar, og sjølv svarte han på dei mange godorda.

- Nye Luranetunet er eitt av våre største prosjekt. Våre, seier eg - det er eitt av Os sine største prosjekt. Eg er berre i permisjon. Det er uansett eit stort sprang, og eg gler meg å koma tilbake til opninga. Eg har tillit til at de som sit her i salen vil landa prosjektet på ein god måte, sa Søviknes før han ønskte god jul og eit godt nyttår.

- Tenk også litt på meg i jula som må bruka tida på å lesa gamle stortingsutgreiingar og annan faglitteratur.