Dagens plassering av godsterminalen på ei av dei mest sentrale tomtene i Bergen sentrum, er lite ideell i eit byutviklingsperspektiv.
Dagens plassering av godsterminalen på ei av dei mest sentrale tomtene i Bergen sentrum, er lite ideell i eit byutviklingsperspektiv.

Kranglar om Rådalen som godsterminal-tomt

Om Os får ny godsterminal like ved innangsporten, er tema i ein pågåande politisk/folkeleg drakamp.

Etter at jernbaneverket i fjor haustikkje greidde å bestemma seg for kva plassering som vil vera best for ny godsterminal, har drakampen tilspissa seg. Det står i utgangspunktet mellom Unneland i Arna eller Rådalen/Hordnesskogen, men fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) har i mellomtida relansert Åsane-alternativet.

- Eg synest at både Unneland og Hordnesskogen er svært krevjande lokaliseringar. Unneland på grunn av landbruket, og Hordnesskogen fordi dette er eit viktig område for folkehelse, idrett og kultur, har Hestetun uttalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

NHO vil ha Rådalen

Samtidig er saka på høyringsrunde, og fleire ulike instansar har markert sitt syn. Sist ute var NHO og Bergen Næringsråd som båe meiner at Rådalen er best.

- Marknaden er i sentrum og sørover. Difor må den nye jernbaneterminalen plasserast i Rådalen, uttaler Øystein Lygre i NHO til BT.

Blant tidlegare nemnte forslag for godshamn, har Bogøy i Fusa vore nemnt, men NHO meiner at godshamna bør sjåast i samanheng med godsterminalen. Dei føreslår Sletten (ved Lønningdal) pga. nærleiken til Rådal og Flesland.

"Ikkje i min bakhage"

Samtidig er Rådalen-alternativet kontroversielt fordi ein del av Hordnesskogen vil ryka med. Aksjonsgruppa «Mot godsterminal i Hordnesskogen» er alt etablert, og består bl.a. av privatpersonar, grunneigarar, idrettslag, m.fl.

Tilsvarande er det ei rekkje motstandarar i Unneland. I tillegg til å vera jordbruksland, er det registrert ei rekkje raudlista fugleartar her.