Krangla og knuffa i Os sentrum
Natt til søndag oppdaga politiet to personar som vart fysiske i ein krangel i Os sentrum.
Klokka 02.30 skal to personar i 20-åra ha «knuffa» i Os sentrum. Patruljen fekk kontroll på situasjonen og stansa krangelen.
– Det løyste seg med at partane gjekk kvar sin veg, og det vart ikkje gjeve noko pålegg frå politiet, fortel vakthavande.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein time tidlegare, klokka 01.30, stansa patruljen ein bil som var på veg gjennom Os sentrum.
– Dette er ikkje lov etter klokka 23.00, jfr. skilting, og førar vart gitt ei åtvaring, forklarar vakthavande.
Laurdag føremiddag klokka 11, vart ein annan bil gitt bruksforbod grunna uforsvarlege dekk. Vakthavande fortel at dekka var alt for slitte, og at bileigar vart informert om bruksforbodet.