Køyrde vidare med punktert dekk - mistanke om promille
Torsdag formiddag fekk politiet melding om ein mogleg promillekøyrar. Bilføraren skal ha køyrd vidare trass i eit punktert dekk.
- Det blei gjort søk i området, og etter nokre undersøkingar, kom politiet over mistenkte førar, opplyser politioverbetjent Rune Fimreite.
Det vart tatt beslag i førarkort og mistenkte vart framstilt for blodprøve. Politiet har oppretta sak.
Artikkelen held fram under annonsen.
jostein@osogfusa.no