Køyrde rusa utan førarkort
Ein mann i 20-åra vart torsdag meldt for køyring i rusa tilstand.
Det var UP som stoppa mannen då han kom køyrande på Søfteland torsdag morgon. Her vart han beden om å avgje ein såkalla "drugtest". Då testen gav utslag, vart han sendt til legevakta for å avgje blodprøve.
- Mannen hadde heller ikkje førarkort, så denne karen vert nok meldt for to forhold - køyring i ruspåverka tilstand og køyring utan gyldig førarkort, seier Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.