Stengd: Her er det stengd grunna arbeid med gang- og sykkelveg. Fredag blei ein bilist ferska då vedkomande køyrde mot skiltinga.

Køyrde mot skiltinga. Det fekk politiet med seg

Men mannen i 30-åra kom billeg frå det.

Rett før helga vart det klart at heimesjukepleiarar får høve til å nytta Trolldalen, som er stengd for vanleg trafikk i desse dagar.

Naudetatar og bussar har hatt løyve heilt sidan vegen blei stengd, og det skal vera ein glipp som har gjort at ikkje også heimejsukepleien — når alarmen går — har kunna køyra gjennom Trolldalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men andre trafikantar må køyra rundt Ulven medan arbeidet med gang- og sykkelvegen pågår. Det er det ikkje alle som er klare over. Eller, så tek dei sjansen.

Politiet skal fredag har observert ein personbil som køyrde gjennom Trolldalen.

I ein e-post opplyser politioverbetjent Christine Grindstein at ein bil blei stansa fredag morgon i 08.45-tida.

— Føraren fekk ei munnleg åtvaring, og blei beden om å halda seg til skiltinga i vegarbeidsperioden, skriv Grindstein.

Politiet skal også ha gitt beskjed om at neste gong ville han bli bøtelagt. Føraren var ein mann i 30-åra.

På same tid gjennomførte Utrykkingspolitiet kontroll på Halhjem. 80 førarar blei kontrollerte. Grindstein skriv at det ikkje var noko å reagera på der.

Bil i grøfta

Fredag skal ein bil ha hamna i grøfta ved Borgavegen. Politiet skal ha vore på staden.

— Det framstod som eit uhell, der bilen hadde sklidd av vegen. Det blei gjennomført rustest av føraren utan utslag. Dette var ein mann i 20-åra. Det blei ikkje oppretta sak på forholdet, skriv Grindstein.