Køyrde med røyr ut takluka

Eit røyr som lufta seg ut takluka og førar som stakk frå bil i elva var to av sakene politiet i Os måtte rykkja ut på i helga.

Ein motorsyklist skal ha køyrd i eit rekkverk ved Halhjem ferjekai i 12.30-tida laurdag. Politiet i Os vart varsla av vitne, men dei fann ingen då dei kom til staden eit kvarter seinare.

- Vi reagerte på meldinga, men veit ikkje meir om korleis det hadde gått med føraren, fortel Rune Fimreite ved Os lensmannskotor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mistenkt for ruskøyring

Ein bilførar vart sendt til legevakta for utvida blodprøve i 17-tida laurdag.

- Vedkommande blei stoppa av UP i Lysefjorden og mistenkt for ruspåvirka køyring, seier Fimreite.

Stakk frå bil i elva

I 23.30-tida laurdag kveld blei Os-politiet varsla om ein bil som hadde køyrd i ei elv i Langedalen på Søfteland. Då ein patrulje kom til staden, var det ingen der.

- Etter ein del undersøkingar spora vi opp sjåføren. Det er ingen mistanke om promille, men vedkomande er meldt for å stikka av frå trafikkuhell, fortel Fimrete.

Er ein involvert i det som kan definerast som eit trafikkuhell, skal politiet varslast. Også søndag føremiddag kom det inn melding til politiet frå forbipasserande som hadde sett denne bilen i elva i Langedalen.

- Om ein ikkje melder frå, veit ikkje vi om vi skal bruka ressursar på å leita etter skadde, eller gjera andre undersøkingar når det kjem inn melding frå andre. Set gjerne opp varseltrekant også, minner han om.

Rørete transport

Søndag føremiddag måtte politiet rykkja ut til Halhjem der ein bilist kom køyrande med eit langt røyr stikkande ut gjennom takluka.

- Vi var ute og kontrollerte. Vedkomande fekk pålegg om at det ikkje kunne stikka ut av bilen, men fekk lov å ta det med seg på ferja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utover dette vart det ingen reaksjon på den litt i overkant kreative fraktmetoden.

- Han måtte ordna annan transport, seier Fimreite.