Køyrde i ruspåverka tilstand
Ein mann i 20 åra vart natt til søndag stansa i ruspåverka tilstand sør i Os. Mannen vart naturleg nok fråteke sertifikatet.
Laurdag føremiddag hadde Os lensmannskontor promille og dokumentkontroll i kontrollsonen ved Storestraumen på Søfteland. 42 bilar vart stansa. Ingen reaksjoner.
Natt til søndag, ca klokka kvart i tre vart ein manleg bilist i 20-åra stansa sør i Os. Mannen viste seg å køyra i ruspåverka tilstand og er no meldt for dette. Politiet fann også mindre mengder hasj i bilen.