Køyrde i grøfta

Ein bilist køyrde torsdag kveld i grøfta ved avkøyringa frå E39 til rundkøyringa på Moberg.

- Føraren av bilen mista kontroll over bilen, truleg på grunn av glatta, og hamna utanfor vegbanen, fortel førstepolitibetjent Audun Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at politiet var i kontakt med vedkommande seinare på kvelden og at eigaren då lova å fjerna bilen frå plassen.

Klaga over nakkesmerter

Ein bil vart måndag føremiddag påkøyrd bakfrå på Søfteland. Føraren av bilen klaga etterpå på smerter i nakken. Politiet har oppretta sak.