Køyrde i grøfta
Politi og brannvesen rykte ut då det kom inn melding om trafikkuhell på Hålandsdalsvegen torsdag.
Hålandsdalsvegen
– Ein bilførar kom på utsida av vegen og klarte ikkje å retta opp bilen igjen. Mannen i 40-åra heldt låg fart og blei ikkje skadd i ulukka. Det er ikkje mistanke om at vedkomande var påverka av rus og politiet har ikkje oppretta sak, fortel politibetjent i Fusa, Kjartan Svendsen.