Køyrde av vegen i rundkøyring

Politiet fekk melding halv sju laurdag morgon.

Det er ikkje snakk om personskader etter utforkøyringa i ei rundkøyring ved Ulvenskiftet.

Det er heller ikkje nokon mistanke om køyring i ruspåverka tilstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det vert likevel oppretta sak på forholdet då førar ikkje har klart å halda bilen på vegen, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland i ein e-post.