Mannen skal ha køyrt av vegen ikkje langt frå ungdomshuset Dølatun i Hegglandsdalen (Illustrasjons
Mannen skal ha køyrt av vegen ikkje langt frå ungdomshuset Dølatun i Hegglandsdalen (Illustrasjons

Køyrde av vegen i Hegglandsdalen

Mannen i 50 åra køyrde først i grøfta, deretter gjekk han verbalt og fysisk til angrep på politiet.

Litt før midnatt i går fekk politiet melding om at ein mann var køyrt av vegen, ikkje langt frå ungdomshuset Dølatun i Hegglandsdalen.

- Det vart opplyst at det var mistanke om at førar ikkje kunne vera heilt edru, og det fekk vel politiet stadfesta då dei kom til staden også, seier opersjonsleiar Lars Geitle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kom med trugsmål

Mannen, som har bustadadresse i Bergen, vart teken med til politistasjonen i byen.

- På vegen oppførte han seg svært dårleg. Han kom med trugsmål, og gjekk både fysisk og verbalt til angrep. Det endte opp med at han vart anmeldt både for dette og for promillekøyringa, seier Geitle.