Køyrde ATV med tilhengjar i blandingsrus midt i ettermiddagsrushet
Det at mannen tilstod umiddelbart, hjelpte han i straffeutmålinga.
Det var i mars i 2017 at ein mann frå Os køyrde ein ATV med hengjar i om lag sju kilometer før han blei stoppa av politiet. Mannen, som er i 50-åra, tilstod umiddelbart å ha køyrd i rusa tilstand og utan førarkort. I retten forklarte mannen at han den aktuelle dagen drakk nokre øl, og at han hadde spist nokre Rivotril-tablettar, utan at han hugsar eksakt kor mange. Han trur ikkje at han brukte hasjisj den same dagen, men han erkjenner å ha brukt det tidlegare.
Blandingsrus
Etter at han hadde drukke øl og ete tablettar, sette han seg på køyretøyet med tilhengjar. Han har ikkje førarkort. Han blei stoppa av politiet og det blei teke blodprøve av han. Tiltalte sine erkjenningar blir underbygde av andre opplysningar i saka. Politibetjenten som stoppa mannen, forklarte i retten at han såg at han køyrde for fort. Analyseresultat frå Folkehelseinstituttet, viser at tiltalte skal ha hatt både alkohol, klonazepam (Rivotril) og THC (hasjisj/cannabis) i blodet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fengselsstraff og bot
I august same år, blei mannen tatt med 17 rivotril-tablettar på seg. Totalt blei mannen sikta for fire lovbrot. Han erkjenner alle.
Retten meiner at det er fleire skjerpande omstende ved køyringa til mannen i 50-åra. Han køyrde i blandingsrus og han hadde det narkotiske stoffet klonazepam i blodet, som i seg sjølv svara til ein promille på over 1,2. Det at han køyrde ein lengre strekning og på ein vekedag om ettermiddagen då det erfaringsmessig er ein del trafikk, er også skjerpande. Køyring med slik høg påverknadsgrad utgjer eit stort farepotensial, meiner retten.
I formildande retning blir det lagt vekt på at tiltalte har erkjent forholdet, og at han gjorde det umiddelbart slik at det ikkje var naudsynt for politiet å gjennomføra formelle politiavhøyr i ettertid. Den lange sakshandsamingstida, utan at tiltalte kan lastast for det, veg også i formildande retning.
Mannen blei dømt til 24 dagar i fengsel og fekk ein bot på 25.000 kroner.