Koronaviruset stoppar Adrian frå å vera med sin nyfødde son
Nye reglar som følgje av koronaviruset, gjer at Adrian Heggland Arnesen berre fekk nokre timar saman med kona Kine Arnesen Heggland og sonen deira Mathias, før han måtte reisa heim.
Tysdag morgon kom vesle Mathias til verda, og Kine og Adrian blei foreldre for første gong. Mathias vog 2.485 gram. Det gjer at han og mor må vera under oppsyn i nokre dagar før dei kan få reisa heim.
– Slik eg forstår det, er dette standard prosedyre med born som er under 2,5 kilo når dei er fødde. No skal dei følgja utviklinga fram til fredag, før han skal vegast. Så lenge han ikkje har gått ned, vil dei kunna reisa heim, fortel Adrian.
Artikkelen held fram under annonsen.
Same dag som vatnet gjekk, las Adrian at fedrar ikkje lenger fekk vera med på barsel, som er avdelinga ein er på etter at barnet er fødd, fordi landets fødeavdelingar er stengde for fedrar på grunn av koronaviruset. Om sjukehusa ser behov for det, kan dei også stoppa fedrar frå å vera med på sjølve fødselen.
– Eg las om det same dag som fødselen starta. Dette sa eg til Kine. Nokre timar seinare, gjekk vatnet. Det var om lag to veker til ho hadde termin. Kan henda ho tenkte så mykje på det at vatnet gjekk, seier Adrian og smiler.
Vatnet gjekk i 19.30-tida måndag kveld. Tysdag morgon klokka 07.39 kom Mathias til verda.
Fekk tre timar saman etter fødselen
Sjølve fødselen var noko ubehageleg, fortel Adrian. Mest fordi at hjartefrekvensen til Mathias gjekk litt meir ned enn jordmor likte.
– Men det var ikkje dramatisk. Jordmor og legen var fantastiske. Tida gjekk, og plutseleg var det på tide å pressa. Ei heilt unik oppleving, og Kine var heilt rå.
Tre timar fekk dei saman på fødeavdelinga, før Kine og Mathias skulle vidare til barsel. Då reiste Adrian heim. Kine har vore flink til å halda Adrian oppdatert med bilete og videoar, og dei to har snakka mykje saman på Facetime.
– Eg er utruleg glad for at eg fekk vera med på fødselen, og det er kjipt å ikkje kunna få vera med dei desse dagane, men eg har full forståing for at det må vera slik. Det er viktig å verna om helsepersonell, slik at dei ikkje blir sjuke, seier Adrian og legg til:
– Før i tida fekk ikkje fedrar vera med på verken fødsel eller barsel, så eg kan ikkje klaga for mykje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Adrian har heimekontor og gjer det han kan for å unngå å kunna bli sjuk, medan han ser fram mot fredag.
– Då skal eg forhåpentlegvis henta dei. Då må eg venta på utsida, for eg får ikkje gå inn og hjelpa dei å koma seg ut. Det blir litt rart det også, seier han og legg til:
– Men det blir fantastisk å sjå dei igjen, få halda sonen min, og ta dei med meg heim.