Koronaviruset: Fråværsgrensa på vidaregåande blir endra
Ut skuleåret vil elevar som har fråvær av helsegrunnar, sleppa å gå til fastlegen for å få dokumentert fråværet, opplyser Kunnskapsdepartementet.
Årsaka er at handteringa av koronaviruset gjer at helsepersonell må bruke kapasiteten sin på dei som treng det mest.
– Helsedirektoratet har bede om at elevar som har fråvær av helsemessige grunnar, slepp å gå til fastlegen for å få dokumentert fråværet sitt. Den oppfordringa følgjer vi og lempar på dokumentasjonskravet, seier kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande (V) i ei pressemelding.