- Korleis kan ein vita om ein er homofil?
Dei fagkyndige paneldebattantane fekk mange gode spørsmål frå 9. klassingnane på Os ungdomsskule, som i går hadde siste dag av prosjektet Ungdom og helse, seksualitet og rus.
- Om ein kjenner seg tiltrekt av ein person av same kjønn, så vil eg oppmoda til å prøva det ut. Bruk tid på å bli kjend med deg sjølv, og bruk gjerne tid på å eksperimentera for å finna di legning, seier Joakim Aadland frå Landsforbundet for lesbiske og homofile.
- Det er ikkje alle som kjem tidleg ut av skapet. Nyleg var det ein norsk business-mann som kom ut av skapet i ein alder av 60 år, seier Aadland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rettleia og hjelpa
Kvar haust gjennomfører Os ungdomsskule eit tverrfagleg undervisningsopplegg for elevane på 9. trinn. Tanken er at elevane skal bli betre rusta til å meistra utfordringar knytt til eigen psykisk helse, rusmidlar og seksualitet. På desse områda blir ofte ungdom usikre og utsett for press frå samfunnet generelt og frå andre ungdomar spesielt. Difor vil skulen i samarbeid med foreldra, rettleia og hjelpa ungdomane til å meistra og ta gode val på desse vanskelege og utfordrande områda.
Ein skuletime fylt med spørsmål
I kantina fredag var alle på 9. trinn samla. Therese Johnsen, inspektør ved Os ungdomsskule og koordinator for prosjektet, var ordstyrar, eller spørsmålsstillar om du vil.
- Elevane har laga spørsmåla på førehand, og me har gått gjennom dei for å finna dei mest relevante, seier Johnsen.
I knappe 45 minutt fekk Regina Steinsland frå meistringsteamet i Os, Merete Lekven frå konsultasjonsteamet, helsesøster Annika Andersland, Aadland frå LLH, og Hege Tønnesen ruslege og fastlege i Os, ein haug av spørsmål. Elevane verka interesserte og opptekne av temaet, og haldt seg roleg på stolane.
Full latter
Det vil seia, nesten heile tida sat dei roleg. Helsesøter Andersland svara på spørsmål kring kondomar, storleik og passform, då alle, inklusive dei vaksne, braut ut i latter.
- Dei vanlege passar dei fleste, medan ein kan få både mindre og større kondomar. Ein kan koma inn til meg og prøva, og finna rett storleik, seier ho.
Då var det gjort.
Elevane hadde tydeleg jobba godt, laga veldig mange gode spørsmål, som gjekk på alt frå spiseforstyrring, depresjon, angst, skadar ved alkoholinntak, og homofili i dag til forskjell frå i gamle dagar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Morosam faktaopplysning
Det var helsesøster Andersland som stal showet i debatten. Ho glimta til med ein faktaopplysning av dei sjeldne, då det kom spørsmål om kva tid de er vanleg å få sitt første kyss. Etter svaret, kom tilleggsopplysningen:
- Veit de kva verdsrekorden for lengste tungekyss er? Det er heile 30 timar og 45 minutt, og stammar frå 1995. Det høyrest slitsamt ut, spør du meg, seier ho.