Konfirmantane kjem på døra
I dag går kyrkjelege konfirmantar, foreldre og vaksne med bøsser i Os. Det er tid for den årlege fasteaksjonen til inntekt for Kirkens Nødhjelp.
I år er temaet for konfirmantanes fasteaksjon «I kriser er vatn kritisk».
Det handlar om arbeidet for å gje reint vatn i katastrofar, og korleis klimaendringane skaper fleire og verre katastrofar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Pengane går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda, og vil mellom anna bidra til at organisasjonen raskt kan stilla med reint vatn når katastrofar råkar.
Fin oppgåve
- Eg synest det er fint å samla inn pengar for å skaffa reint vatn til dei som treng det, sa Caroline Lundgren (14), etter at ho hadde samla inn 2500 kroner.