Kommunesamanslåing: Samnanger vil i dialog med Fusa og Os

Samnanger har kontakta Os og Fusa med ønske om dialog kring kommunesamanslåing.

- Ordføraren og rådmannen i har i dag fått henvending frå ordføraren i Samnanger kommune.  Dei ønskjer å gå i dialog med Os kommune og Fusa kommune for å eventuelt slutta seg til intensjonsavtalen som vart vedtatt av kommunestyret onsdag, opplyser rådmann i Os Christian Fotland.

Ordføraren i Samnanger ønskjer i følgje Fotland å ha dialog med styringsgruppa om dette før eventuelle forhandlingar tek til.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det vert difor kalt inn til ekstraordinært møte med styringsgruppa for kommunereformarbeidet allereie i morgon fredag, opplyser Fotland.