17. mai-tog: Det blir ingen 17. mai-tog i år, men nasjonaldag blir det uansett, om enn litt annleis enn vanleg.

Kommuneoverlegen om 17. mai: - Det blir ingen barnetog

Kommuneoverlege Klaus Melf ventar spent på nasjonale føringar, men kan slå fast at det vert ei annleis feiring på fleire måtar.

Det blir inga stor feiring av nasjonaldagen slik me er vane med. Det er sikkert.

– Alle kulturelle arrangement er avlyst fram til 15. juni, så å gjennomføra 17. mai på vanleg vis, går ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Trine Lindborg fortel at dei nå jobbar med eit alternativt opplegg til 17. mai.

– Det blir 17. mai, men feiringa vil ta ei anna form enn det me er vane med. No jobbar mange kreative folk med å få i stand ei alternativ, men kjekk, feiring, seier Lindborg og legg til at meir info vil koma snart.

Høyra på reglane

– No opnar barnehagane att. Kan det då bli eit lite barnetog?

– Nei, det blir ikkje barnetog, det er heilt sikkert, svarar Melf.

Reglane for maks 5 personar samla og 2 meters avstand trur han neppe blir oppheva til den tid, så det blir altså ingen stor folkefest.

– Kva om fleire samlar seg privat?

– Lik påska, må folk avstå frå å samla seg i store mengder. Det har folk vore gode på, og det må dei halda fram med, seier han.

Melf håpar og trur folk framleis vil retta seg etter dei nasjonale føringane og istaden feirar heime med familien.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange ventar spent på dei nasjonale føringane. Det gjer me også. Dei har sagt dei skal koma snart, seier Melf om vidare detaljar for feiringa.