Verdas største gassdrivne ferje, MF Boknafjord, har plass til 242 personbilar og 22 vogntog. Og ho bråkar ganske mykje.
Verdas største gassdrivne ferje, MF Boknafjord, har plass til 242 personbilar og 22 vogntog. Og ho bråkar ganske mykje.

Kommuneoverlegen: - Denne ferja støyar som eit fly

I ei årrekkje har kommuneoverlege Jon Vangdal Aamaas kravd mindre ferjestøy frå Halhjem ferjekai. No kan skjerpa støykrav frå Vegdirektoratet føra til at han får gjennomslag.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommuneoverlegen har ført ein utrøytteleg kamp på vegner av bebuarane ved innseglinga til Halhjem ferjekai. Det er særleg støy frå gassferjene som gjer at fastbuande og hyttefolk mistar nattesøvnen.

- Ungane får ikkje sova, og både dei og oss vaksne vaknar fleire gonger om natta når MF Boknafjord kjem og går. Om morgonen vaknar me av ferja grytidleg, gjerne i 5-6-tida. Særleg for borna er dette ei stor plage, heiter det frå ein familie som bur i området.

I eit brev til Statens Vegvesen gjengir Vangdal Aamaas fleire tilsvarande erfaringar frå bebuarar på Halhjem. Han konkluderer med at "dette ikkje er snakk om nokre få støysensitive personar, men det gjeld eit heilt nabolag".

"Som eit fly på rullebanen"

Ei forverring av situasjonen vart meldt inn i mai, då Fjord1 sette inn verdas største gassdrivne ferje, MF Boknafjord, som erstatningsferje medan ei ordinær ferje var på reparasjon.

- Denne ferja støyar intenst, og skal ha blitt teken i bruk då ho er billegare enn dei andre ferjene. Den skal ifølgje Fjord1 gå ut 2016. Lyden frå ferja vert samanlikna med eit fly som rusar motoren på rullebanen, og opplevest som helsefarleg, skreiv Vangdal Aamaas.

Kommuneoverlegen kravde at det vart sett i verk akutte tiltak: Bruk av nye ferjer som forverrar støyen i negativ retning måtte avsluttast, og då spesielt MF Boknafjord, dersom den forverrar støyen.

- Ein nullitet

Dette kravet vart blankt avvist av Statens Vegvesen. Sakshandsamar Helga Nøding Njøten skreiv at kravet "må ansees som en nullitet idet forståelsen er såpass uklar at vi ikke kan ta stilling til ordlyden slik den foreligger". Det vart vidare vist til at MF Boknafjord berre skal vera i drift mellom Halhjem og Sandvikvåg ca 40 dagar i året som reserveferje. Sidan ferjesambandet er eitt av dei mest trafikkerte i landet, vart det vist til at berre MF Boknafjord er stor nok til å kunna fungera som reserve. Fjord1 opplyste sjølv at dei har jobba i eitt år med støyreduserande tiltak på MF Boknafjord, for å få støyen ned på nivået som kontrakten med Statens Vegvesen tilseier.

Langsiktige krav

Kommuneoverlegen kravde vidare at ei rekkje langsiktige tiltak vart utført. Blant anna måtte det utførast nye støymålingar, og han etterlyste dokumentasjon på at gassfyllingsanlegget ikkje er i bruk mellom kl. 23 og 7, slik kontrakten krev. Han spurde om ferjene held fartsgrensene når dei nærmar seg land. Det må lagast ein framdriftsplan for landstraum, og for støyisolering av alle bustader og hytter der støyen er over grense. Frist for gjennomføring av støyisolering vart sett til 1. mars 2016.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sterk tvil om heimel

Helga Nøding Njøten hjå Statens Vegvesen svarte at kommuneoverlegen ikkje har heimel i folkehelselova for fleire av desse krava om retting. Vidare står ikkje rettinga i rimeleg forhold til dei helsemessige omsyna. Tidlegare i tilsvaret har Njøten peikt på at berre to hytter ligg over grenseverdien for støy, og at berre tre husstandar har meldt om subjektive støyplagar. Vegvesenet har etterlyst å få vita kva konkrete husstandar det gjeld, men utan å få svar frå kommuneoverlegen.

Krava vert deretter avvist eitt for eitt med grunngjevinga at krava ikkje kan forståast som rettingar i lovens forstand. "Vi stiller oss sterkt tvilende til at Os kommune har hjemmel i folkehelseloven til å pålegge Vegvesenet å lage fremdriftsplan for landstrøm (...)", eller for å "støyisolere alle boliger og fritidsboliger der støyen er over vedtaksgrense", skriv Njøten.

Men ho avslutta brevet med å seia at Vegvesenet forstår problemstillinga, og at saka vert teke på alvor.

- Statens vegvesen vil, i samarbeid med Fjord1 og gassleverandør, fortsette å se på muligheter for å ytterligere forbedre situasjonen for beboerne i området, avslutta ho.

Innskjerpa støykrav

Samtidig med at denne dialogen har pågått mellom Statens vegvesen og kommuneoverlegen, har ei anna avdeling hjå Vegvesenet lyst ut anbod på ferjesambanda Halhjem-Sandvikvåg og Arsvågen-Mortavika som Fjord1 har i dag. Same Fjord1 var åleine om å levera inn tilbod til dei to ferjestrekkjene i den nye anbodsrunden. Men måndag denne veka kunne Sogn avis melda at Statens vegvesen har avvist Fjord1 sitt tilbod.

- Fjord1 har i tilbodsfasen ikkje klart å dokumentera at ferjene er innanfor støykravet, sa fagkoordinator Anders Sæternes i Statens vegvesen til Sogn avis.

Til same avisa opplyste Sæternes om støyproblemet ved innseglinga til Halhjem, der ferjene passerer tett på bumiljøet.

- Ingen samanheng med Halhjem

Til «Os og Fusaposten» seier Sæternes at støykravet er innskjerpa målt opp mot førre anbodsrunde.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Er det nokon samanheng mellom klagene frå bebuarar på Halhjem og kommuneoverlegen i Os og dei nye, innskjerpa støykrava?

- Nei, der er det ingen samanheng. Denne innsnevringa skjer på generelt grunnlag, og er ikkje spesifikt knytta til den konkrete saka.

- Kva er årsaka til innskjerpinga?

- Slike krav utviklar seg over tid. Me får nye kriterium frå malverket vårt, og desse er bestemt av Vegdirektoratet, seier Sæternes.

Det er enno ikkje bestemt kva som skjer vidare med anbodskonkurransen etter at det einaste tilbodet vart avvist.