Kommunen vil ha mindre strenge tiltak i Bjørnafjorden neste veke
Bjørnafjorden kommune sende i går si anbefaling om tiltaksnivå for neste veke til Statsforvaltaren.
– Vår anbefaling er at Bjørnafjorden kommune får noko lågare tiltaksnivå enn vi har hatt den siste veka, seier ordførar Trine Lindborg.
Ho opplyser at dette i så fall vil innebera at, mellom anna, treningssentra i kommunen kan opne for eigne innbyggarar og at offentlege stader og verksemder der det føregår organiserte kultur-, idretts- og fritidsaktivitetar, kan halde ope for barn og unge under 20 år.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men det er regjeringa som avgjer dette til slutt, basert på innspel frå kommunane og vurderinga frå Helsedirektoratet, påpeikar Lindborg.
Helseminister Bent Høie (H) vil informera om dei vidare smitteverntiltaka på ein pressekonferanse klokka 14 fredag.