Tett på: Kvinnene i sanitetsforeiningane engasjerer seg i mykje. No går dei saman om produksjon av babysokkar til nyfødde på Fusa-sida. F.v. Ragnhild Holmefjord, Mette Marie Rosvold, Annbjørg Laupsa og Astrid Gaupholm

Kommunen tok over jobben for 50 år sidan. Men bestemødrene er framleis ivrige etter å bidra

Sanitetskvinnene har levert frå seg dei første av mange par babysokkar.

Det er åtte sanitetsforeiningar i Bjørnafjorden kommune - fem på Os-sida og tre i gamle Fusa kommune.

Dei tre sistnemnde har gått saman om eit babysokkeprosjekt. Dei første para vart levert til Astrid Gaupholm på helsestasjonen onsdag. Gaupholm er avdelingsleiar for helsestasjonane på begge sidene av fjorden, og for flyktninghelse i Bjørnafjorden kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho tok i mot Mette Marie Rosvold frå Eikelandsfjorden sanitetslag, Ragnhild Holmefjord i Holmefjord og Bogøy sanitetsforeining og Annbjørg Laupsa frå Fusa sanitetsforeining.

Vil trekkja fram app

Sanitetsforeiningane er medlemer i Norske Kvinners sanitetsforeining (N.K.S.). Dette er landets største kvinneorganisasjon, med over 44.000 medlemmer.

I 1910 etablerte og dreiv N. K. S den første spedbarnsklinikken i landet, som utvikla seg vidare til dagens helsestasjon.

Overlevering: Onsdag var kvinnene på besøk på helsestasjonen hos Astrid Gaupholm for å levera frå seg babysokkane.

Då kommunen tok over helsestasjonane i 1972 dreiv foreininga heile 615 helsestasjonar.

— Babysokkane vi leverer frå oss er litt symbolikk. Det gjer ikkje så mykje til eller frå, gjerne, men vi viser at vi er her, seier Laupsa.

For ved sokkane ligg det også eit skriv frå sanitetsforeiningane. Det er ein gratulasjon med barnet, og ein del nyttig informasjon. Det blir mellom anna vist til appen Mamma Mia.

Det er eit forskingsbasert program som fremjar helse og trivsel hos mor, barn, far/partnar i tida før og etter fødselen.

— Det finst mykje informasjon der ute, frå influensarar, bloggarar og andre. Det er viktig at det som kjem ut til foreldre, er korrekt informasjon og gode råd. Mamma Mia er utvikla over tid, og det er forsking som ligg bak. Verkeleg eit godt hjelpemiddel, fortel Gaupholm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utdeling på heimebesøk

Informasjonen og sokkane får foreldre levert når barnet er mellom 7 og 10 dagar.

— Då kjem vi på heimebesøk, fortel Gaupholm.

Det har ikkje vore noko problem å få folk til å stilla opp og produsera sokkar - snarare tvert i mot. Bremsene måtte på, for så stor babyproduksjon er det ikkje på Fusa-sida av fjorden i alle fall.

Storproduksjon: Her er det som er levert så langt.

Kjekt om fleire fedrar vil ta del

Kvinnene i sanitetsforeiningane finn på mykje — og meir enn mange nok trur, fortel Mette Marie Rosvold.

— Det er mange som trur at vi berre strikkar og bakar bollar, seier ho og ler.

Dei deler ut støtte til ulike prosjekt i skular og barnehagar, lagar basar, og arrangerer treff for nybakte foreldre. Ragnhild Holmefjord viser fram dagsferske bilete av fleire nybakte mødrer på trilletur i Holmefjord.

— Det var ein trilletur med lunsj. Her er også innflyttarar med. Desse treffa er fine med tanke på inkludering.

Holmefjord fortel at dei ser flest mødrer på småbarnstreff.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det hadde vore veldig kjekt om fleire fedrar ønskte å vera med også, seier ho.