Vaksine: — Enkelte har ikkje tatt koronavaksine fordi dei av ulike årsaker ikkje ynsker mRNA-vaksine.

Kommunen tilbyr ny vaksine: — Kan vera eit alternativ til dei som ikkje ynsker mRNA-vaksine

Nuvaxovid byggjer på ein meir tradisjonell vaksineteknologi enn mRNA-vaksinane frå Pfizer og Moderna.

Nuvaxovid er ein ny, proteinbasert koronavaksine.

Vaksinen er godkjent for alle frå 18 år og oppover. Ein kan få Nuvaxovid som dose 1, 2 eller 3.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det opplyser Bjørnafjorden kommune på si heimeside.

— Enkelte har ikkje tatt koronavaksine fordi dei av ulike årsaker ikkje ynsker mRNA-vaksine. Desse kan no få tilbod om denne andre vaksinetypen, heiter det frå kommunen.

Dei presiserer likevel at dagens kunnskapsgrunnlag, i følgje FHI, ikkje samla sett gir noko grunnlag for å tilråd Nuvaxovid framfor mRNA-vaksinar, verken ved grunnvaksinasjon eller oppfriskingsdose.