Kommunen garanterer for lånet. — Dagens gladsak
Dermed er finansieringa av fotballhallen, som har ein prislapp på om lag 26 millionar, i boks.
For to veker sidan vart det kjent at Sparebanken Vest gir 10 millionar kroner til ny fotballhall på Søre Neset. Hallen har ein prislapp på kring 26 millionar. I tillegg til dei 10 millionane frå banken, har Trond Mohn sagt ja til å matcha beløpet.
For å realisera den nye hallen, har idrettslaget søkt kommunen om såkalla sjølvskuldnargaranti for eit lån på seks millionar kroner. Hallen kvalifiserer til både spelemidler og mva-kompensasjon. Summen ein kan enda opp med, er stipulert til totalt 8,7 millionar kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Kommunedirektøren vurderer med bakgrunn i dette at den økonomiske risikoen er låg.
Vidare vert det i sakspapira lagt vekt på at fotballhallen er eit godt supplement til eksisterande hallar i kommunen.
— Ein fotballhall finst ikkje frå før, ei heller i Bergen sør, vert det påpeika.
— Ei fantastisk gåve til kommunen
Torsdag i førre veke vart spørsmålet om kommunal garanti del av saklista til formannskapet. Ordførar Terje Søviknes (Frp) karakteriserte saka som ei gladsak. Det same gjorde dei to representantane frå Arbeidarpartiet.
— Dette er ei fantastisk gåve til kommunen, og ikkje minst til Søre Neset. Det vil vi vera med på å realisera, sa Helge Steinum (Ap).
Han stussa rett nok litt på at då Bergens Tidende omtalte saka 8. april, så skreiv avisa at idrettslaget hadde fått seks millionar i lånegaranti frå Bjørnafjorden kommune. Det same gjorde partifelle Trine Lindborg (Ap).
— Eg synest det er uheldig at ein går ut med at ein har fått kommunal garanti, og så veit formannskapet og kommunestyret at vi ikkje har behandla saka enno. Rekkjefølgja vert feil, sa Lindborg og understreka at ho ikkje ønskte at detaljen skulle overskygga bodskapen hennar, nemleg at dette er ei veldig, veldig kjekk sak.
— Det er ingen tvil om at dette er kjempebra og at det vert jobba godt der ute, sa ho før eit samrøystes formannskap stilte seg bak søknaden frå idrettslaget.
Artikkelen held fram under annonsen.
Saka vert slutthandsama i kommunestyret 2. mai.
Her er vedtaket formannskapet gjorde:
Bjørnafjorden kommune garanterer med sjølvskuldnar-kausjon for lån stort kr 6.000.000 som Søre Neset idrettslag tar opp til bygging av ny fotballhall (treningshall).
Kausjonen gjeld for lånets hovudstol, maksimalt kr 6.000.000, med tillegg av 10 % av til ei kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av ev. påløpte renter og kostnader. Det maksimale beløpet som det blir kausjonert for er kr 6.600.000. Garantiansvaret blir redusert i takt med nedbetaling på lånet.
Kausjonsansvaret gjeld frå 01.06.2024 og opphøyrer 01.06.2034 med tillegg av to år.
Det blir gitt inntil 5 års avdragsfridom.
Bjørnafjorden kommune tar pant i fotballhallen som sikring for garantien. Ev. problemstillingar i samband med etablering av pant vil ikkje påverke gyldigheita av garantien overfor långjevar.
Det er eit vilkår at refundert mva som idrettslaget mottar i samband med bygginga av fotballhallen uavkorta blir nytta til nedbetaling på lånet. Ev. manglande nedbetaling på lånet vil ikkje påverke gyldigheita av garantien overfor långjevar.
Det er eit vilkår at mottatte spelemidlar til prosjektet uavkorta blir nytta til nedbetaling på lånet. Ev. manglande nedbetaling på lånet vil ikkje påverke gyldigheita av garantien overfor långjevar.
Det er eit vilkår at det ligg føre signert avtale mellom Søre Neset idrettslag og grunneigar(ar) om bruk av tomta fotballhallen skal oppførast på, før lånet kan utbetalast.
Det er ein føresetnad at garantivedtaket blir godkjent av Statsforvaltaren.